onsdag 30. juni 2010

Montering av eit eldre/ brukt hekkaggregat

I dag byrja jobben med å demontera hekkaggregatet eg har fått i tunet, som skal monterast på båten eg har skrive om før. Det var eit sværa strev å få frå kvarandre fordi skruene satt godt fast. Men omsider løsna dei og dei fekk litt WD40 behandling som nok gjorde godt. I morgon skal drevet delast i to bitar for så å tilpassa transferplata på akterspeilet. Det kjem ei oppdatering om det i morgo i lag med bilete.

Ellers er det kome meir sandvich i hus og Oline har fått enda eitt strøk med lakk. Satser på at finveret er på veg og at eg til helga kan lufte ho ein tur til Skånevik Bluesfestival.

tirsdag 29. juni 2010

meir fart?


Slik eg bur til så ser eg sjøen og båttrafikken frå huset. Mang ei gong ser eg båtar passera og drar mykje sjø med seg. Andre båtar plogar seg veg forbi. Det er faktisk så gale at kona reagerer då eg sprett opp spesielt for å sjå ein båt passere for ente gong. Ho meiner det held å sjå båten ei gong, men det er alt for sjelden ein ser ein båt som går vakkert på sjøen, så eg hopper til nesten kvar gong. Nokre gonger har båten gode eigenskapar, men heller dårlige båtførarar. Det kan for eksempel vera så enkelt at dei kunne ha stilt på flaps i riktig vinkel, eller tilt viss dei har drev montert.


Mange av dei båtane som eg har sett på, har hatt potensiale for betre fart ved nokre forandringar på undervannsskroget. Det er ulike teknikkar etter kva fasong båten har frå før og kva fart ein ønsker. Eg har bygd om ein del undervannsskrog, og har på det mest ekstreme oppnådd 6 knop større fart. Dette har og hatt ei påvirkning på drivstofføkonomi og støy.


Av og til er ombyggingane gjort på enden av kjøl, brakett eller på ror. Enkelte gonger er det ikkje store kostnaden eller lange tida som går med til endringane. Har du ønske om å utnytte din båt sitt potensiale både innen fart, støy og økonomi, ta kontakt for eit tilbud!




søndag 27. juni 2010

Stordfest

Lørdag for eg og familien som sagt over til Stord, det vart uten Oline for eg konkluderte med at ho ikkje var heilt ferdig, og veret var ikkje heilt topp på morgonen.

Stordfest er verkeleg å anbefala einkvar båtentusiast. Det er ikkje kvardagskost å sjå dei tre skuleskipa: Statsraad Lehmkuhl, Christian Radich og Sørlandet. Dei låg der og glinsa i sommarsola eit vakkert skue. Noreg sine absolutt stolheitar låg der i saman med Lojal og Mathilde som og gleder auga til ein båtintressert.

Eg tok og eit gjensyn med KNM Hitra, ettersom eg har vore ombord der mange gonger før. I 1991 tjenestegjorde eg i marinen, men då i Stormklasse MTB. Me delte hangar med blandt anna Hitra og då nytte eg å kunne kikka på båten aleine uten mange rundt meg. Militære fartøy har alltid fasinert meg, og då spesielt dei hurtiggåande og store slagskip.

fredag 25. juni 2010

Oline





I dag har eg gjort min eigen båt klar for sommaren. Ho har lagt på sjøen i nokre veker no og venta på at eg skulle få tid til ho. No hasta det litt, sidan me skal ta turen til Stord på Stordfest i morgo og kikka på alle dei andre flotte båtane.
Oline er ein gammal plattgatter frå 1911 som eg restaurerte for ca. 20 år sidan. Eg har gjort små endringar og fornyingar undervegs, men stort sett er ho lik slik eg restaurerte ho. Vårpussen i år bestod av eitt lag med lakk på dekk, litt flikking på bunnstoffet og polering av propell. Polering er viktig for at motoren skal få rett turtall. Mange trur at å ha ein trebåt er mykje arbeid, men ein plastbåt treng puss og polering den og. Så dei store forskjellane er det ikkje i mine auger.

Men så er klassiske trebåtar ein av mine store lidenskapar. Flotte linjer, edeltre og lukt av svensk tretjære høyrer med til fritida mi. Oline har eg hatt i mange år, men no har me blitt såpass mange i familien att behovet for ein større båt har meldt seg. Derfor kjøpte eg for 2 år sidan eitt skrog som eg restaurerer tilbake til verdighet att. Sjå den andre bloggen min: salongbåtdrømmen



torsdag 24. juni 2010

Tunnellkasett


Tunnellkasetten er eit produkt me har jobba fram gjennom ei årrekke. Dei første tunnellane var ganske primitive, og vart bygd ein og ein til dei ulike båtane. Dei fyrste utgåvene våre hadde fartsbegrensingar, men etter mange utbetringar kom me fram til eit godt resultat (meiner me sjølv då). I 2005 blei eg og far min Magnar Reigstad einige om å bygga ei tunnellform der me kunne montera motor med aksling og brakett, komplett styring og ror. For dei som ynskjer det set me og på hekktrustar.


Målet med tunnellkassetten er å gje båten ein lågare planingsterskel. Den hindrar og båten i og overplana, og vil gje betre drivstoff økonomi. Det vil sei at båten vert meir lettdreven og reservedeler er også lagervare på dei fleste båtutstyrsbutikkar. Styrken i konstruksjon kontra hekkaggregat er stor og den er lett å montera på dei fleste båtar. Strak aksel gjer at ein slepp dei stadige servicane som og gjer tunnelkassetten økonomivennleg.


Det fyrste støypet sette me i ein skyssbåt der resultatet vart imponerande. Eigaren av skyssbåten var så nøgd med resultatet på sin Halco 31 at han bestilte ein Klosterpatrol 32 med tunnellkassett. Dette var då ei enda betre utgåve enn den fyrste. Små justeringar og forbetringar arbeider me med heile tida, og me er alltid på søken etter meir fart samtidig som betre driftsøkonomi. Det høyrer med til dette prosjektet at tre ingeniørar var så overvelda av Halcoen si yting etter at tunellkassett var sett i, at dei leigde mobilkran for å få kikka under båten.


Klosterpatrol 32 vart levert i påsken 2010 og har fram til no gått 200 timar som taxibåt. Denne båten går 32 knop uten passasjerar, og med 18 passasjerar med bagasje (motorsager ol. utstyr) 30 knop.


Så er du på jakt etter å få utnytte båten din sitt fartspotensiale på ein kostnadseffektiv måte er dette ei løysing me kan tilby.
Avisartikkel frå den fyrste tunnellkassetten finn du her.
Bilder og skisser av tunnellkassett.





onsdag 23. juni 2010

Båtferietips...

No er det tid for båtferie for mange, og her kjem nokre nyttige tips på vegen som kanskje kan vera avgjerande for ein vellukka tur viss ein skulle vera uheldig.

Ting ein bør ha med seg:
  • verktøy som stjerneskrujern, flattskrujern, skiftesnøkkel, kniv, hammer, hoggjern og pipesett
  • autosparkel med fiber; er veldig greitt å ordne lekkasjer i skrog viss du har fått hull i båten. Dette skal du blande to-komponent og då kan det til og med herde under vatn.
  • reserveviftereimer
  • vulkaniseringsteip; denne er grei å bruke viss ein slange er sprukken.
  • gaffateip; kan egentlig brukes til det meste, men eg tenkte at den kan feste opp slanger eller ledninger som har falt ned.
  • oljebestandig strips; kan og brukes til å henge opp ting.
  • Husk å ha godt med tauverk, fendrer og drivanker.
  • Ein dunk med ferskvann er og kjekt å ha med i tilfelle vatnlekasje på motor.
  • 4 liter med motorolje for etterfylling.
  • Bøtte
  • Båtshake
  • Reservelyspærer til lanterne og lyskastere
  • Viss du har ein stor båt så er det å anbefale å ta med eitt nytt opplada batteri som reserve.
Dette er ting eg har erfart er nyttige å ha med på tur. Det er kjedelig å ligge å drive utpå fjorden av ein bagatell som ein lett kunne ha ordna sjølv.
Resten som må vera med på turen får de pakka etter beste evne :-)
Riktig god tur !

tirsdag 22. juni 2010

Plastpest

Som det står i bloggen skal den handle om litt forskjellig innan båtverden. Eg fekk eit spørsmål om "båtrust" i dag, og tenkte eg kunne sei litt om det. Plastpest er namnet, og er noko av det kjedeligaste ein kan oppdaga på undervannsskroget. Det er vannintrenging i laminatet som gjer at skroget over tid kan bli porøst og lite motstandsdyktig mot slag og støyt. Desverre er det mange båtar som er bygd med billig og dårlig material, i tillegg til dårlige byggemetodar. Båtar som er bygd av epoxy, vinylester eller isopolyester er ikkje i faresonen for dette.

Du kan og gardere deg mot plastpest viss du bruker epoxyprimer før du bunnstoffar båten. Det er forutsatt at båten ikkje er bunnstoffa frå før eller at bunnstoffet er fjerna.

Men er du så uheldig å ha fått plastpest på båten din, må båten sandblåsast under vannlinja og primast med epoxyprimer to-komponent. Deretter må båten sparklast før eit siste lag med epoxyprimer og bunnstoff. Så fort du oppdager plastpest må du ta affære med ei gong.

Viss du ikkje er ein person som fixer sjølv så bør du ta kontakt med eit båtverkstad. Lurt å forhøyre seg om pris på ulike plassar, for her kan nok pris variere som på andre ting. Jobben kan fort bli kostbar.

Ta gjerne kontakt viss det er fleire spørsmål :)

mandag 21. juni 2010

Ein skitten begynnelse...


No er eg starta med motormonteringsjobben, og det vart ein skiten start. Båten er gammal og har eit motorrom som ber preg av at forrige motor har lekt store mengder med olje. Det medførte at eg måtte vaska, skura og avfeitta fleire gonger. Det er no betydlig betre og det fristar veldig å gje motorrommet eit strøk med topcoat før eg set motoren oppi. Då vil det ikkje berre sjå betre ut, men og vera betre og jobba oppi. Sidan dette er ein gamal båt og ein brukt motor vil det vera ein god jobb som skal gjerast der etter at eg er ferdig med monteringa. Eit skinnande motorrom gjer jobben kjekkare i mine auger.






søndag 20. juni 2010

litt av kvart...

Ja som sagt, denne helga skulle det koma to båtar. Ein som skulle slippast, reingjerast og bunnsmørast, og ein som skal ha motor og hekkaggregat montert. Båten er komen på slipp og arbeidet skulle eigaren sjølv gjere. Motor isettingsprosjektet skal eg gå i gang med i morgo. Skal og få bestilt litt nye deler til denne motoren, litt greit å ta service på motor før montering. Er merkelig kor trongt det er i desse motorromma.

Ellers har eg pusla i hagen saman med kona og ungane. Til og med vore ein tur på stranda og nytt sommaren. Laurdag var eg på jaktfeltskyting lagkonkurranse og satte ny personlig rekord!! Eg skaut 24 av 25 som gav meg 3.plass. Medan laget mitt vann konkurransen. Fantastisk helg med andre ord...

fredag 18. juni 2010

Klargjering av slipp

No er slippen smørt og klargjort for kunder i morgo. Det skal slippast ein båt for reingjering og bunnsmøring. Ein annan båt skal det settast ein motor og hekkaggregat i. Det er ein litt større jobb, så eg er spent på kor lang tid eg brukar på det.

I kveld har eg støypt ringmur til drivhus i hagen. Kjekt å pusla i hagen etter ei lang arbeidsveke. Samstundes vert jo kona glad for at drivhuset hennar snart er på plass. Blid kone er ein god ting på ein fredag :)

torsdag 17. juni 2010

Lenge etterlengta plater i hus

Endeleg er sandvichplater kome i hus att. Det har eg venta på i månader no, og må straks komma i gong med støyping av revehytter. Dette er eitt av dei alternative produkta eg jobbar med innan plastikk. Eg har ikkje lenger talet på kor mange hytter eg har støypt. Veldig kjekt når eit produkt fungerer slik intensjonen er. De kan lesa meir om kva dei vert nytta til her.Så er de på Finse i sommar kan det jo vera at de ser ei og anna hytte der oppe.

onsdag 16. juni 2010

liten skjærgårdsjeep

I ettermiddag kom det ein liten skjærgårdsjeep innom naustet. Han hadde ein øydelagt styrekabel og lurte på om vannkjølinga og var røken. Etter ein rask kikk fekk me konstantert at det var styresnekka somvar defekt men att vannkjølinga slik eg såg det fungerte fint. Så i morgo vert det bestilt ny del slik at han så raskt som mulig får ein fungerande båt og kan nyta dei fine dagane på sjøen.

Haste jobb

I går vart det plutselig litt ekstra arbeid, alltid like spennande det. Ein fiskar ringde meg, han hadde fått tau og rusa i propellen. Heldigvis gjekk det framleis an å køyra båten sakte. Då den kom på slippen viste det seg at både tau og rusa var kveila rundt propellen i ein klump. Der måtte eg til med vinkelkuttar og kniv, men det heile var gjort på ein halvtime, og ein stykk lykkeleg fiskar kunne kruse ut på fjorden att.

I dag fortsetter eg med snekkerjobbing til neste båtprosjekt dukkar opp til helga. Ingen sak å jobbe ute i dette deilige veret.

mandag 14. juni 2010

innkjøp av verktøy

I dag gjekk turen til Haugesund. Det var ultralyd av kona sin mage som stod på programmet, men eg nytta sjansen til å etterfylle litt i hyllene i naust og garasje. Jammen har dei mykje kjekt på Biltema som er veldig viktig å ha tilgjengelig her heime. Så eg fylte handlekorga med torxnøklar, minibrennar, sagblader og mykje anna kjekt. Eg gleder meg til eg skal ta det i bruk!

lørdag 12. juni 2010

Annonse

Denne annonsa har eg i Kvinnheringen for tida. Berre å ta kontakt viss du har noko som skal gjerast.

Bloggurat

Eg har registrert bloggen min på http://bloggurat.net/minblogg/registrere/e7338845caccfb37d0e80383313a43ab127279ad

Introduksjon

No omsider, etter fleire år drøyming, bygging og luring, er eg ferdig med naustet mitt. Det ligg fint nede i nederste delen av hagen i Eidsmarka på Halsnøy med veranda, kai, flytebryggje og wireinntrekk. Eg kan ta båtar opptil 40 fot inn til reparasjon, oppussing, oppgradering, ombygging etc. kort sagt det meste du ville ynskja for båten din.
Kven er så eg då - jau, eg er ein som elskar båtar (og bilar), rimeleg flink med nevane - hendigu kar - so han svigerfar seier (han er frå Voss :)) Eg har lang erfaring med alt som kan plastrast, pussast, limast, mekkast osv. eg er utdanna tømrar og har praktisert i det faget og.
Så, her kjem reklamen; Når du kjem med båten til meg får du alltid med på kjøpet gode råd og forslag. Ingen spørsmål er dumme, alle forslag vert teke omsyn til - det er DIN båt men eg kjem nok til å koma med mi meining så får du vurdera sjølv. Dei fleste seier og at prisane mine er alt for låge.. spør om eit overslag og vurder sjølv!
Nok for no, eg må ut og pussa på Matilde - trebåten min!
Related Posts with Thumbnails