onsdag 25. januar 2012

Reperasjon av vanntank i gammal redningsskøyte

Det er ikkje alle plassar eg arbeider som er like lette å koma til. Inne i ein båt er det ofte små rom ein må komma seg ned i. Og i denne båten var det ein vanntank som var sprukken som eg måtte nedi å pusse og lappe. Sette og inn eit slingreskott.



Du ser meg nedi holet attmed slangen ( det kvite er armen min)

mandag 23. januar 2012

Firmabil

Etter at me fekk oss ny familiebil fann eg ut at det var på tide å få seg ein firmabil. Det passar seg ikkje å skitna ut den nye bilen med plastikk og glasfiber. Ei lita facelift på denne og. Må jo sjå det er eg som er på plassen :)



søndag 22. januar 2012

Seismikkdører

Eit oppdrag frå eit lokalt firma var å reparere seismikkdører/ foilar. Då eg og Robert tok på oss dette kom det ein mann frå Danmark og gav oss skikkelig opplæring i det. Så no er me tilgjengelige og kvalifiserte reperatørar av seismikkdører/foilar som er vakumstøypte i vinylester og multiaksialmatte.

Sidan eg ikkje har oppvarma naust endå sette me opp provisoriske veggar av presenning og bålfyrte med 4 kW varmevifte. Me klarte å halde ein grei temperatur. Desse dørene veg over 250 kg så Robert si gravemaskin måtte trø til som mobilkrane. me tok i mot ti dører, to vart kondemnert meddan resten vart reparert etter alle kunstens reglar. Denne kvalifiseringa kan føre til arbeid ute i verden og. Spennande!





lørdag 21. januar 2012

Askeladden

Enda eit offer av hauststormane. Denne båten hadde mindre skadar, men trengde hjelp etter samanstøyt med kai. Lett støyping/sparkling/lakk og ny fenderlist.



fredag 20. januar 2012

Reperasjon av Uttern S52

Denne båten fekk helsa på ein storm i haust, sleit seg og havna i ein kai. Den fekk skade på baugspyd og styrbord akter. Skaden var heilt kurant bortsett frå tilkomst innvendig. Den var minimal, men med kirurghender (he he) gjekk dette.



onsdag 18. januar 2012

Kystverket P32 tunnellkassett

Som tidlegare skrive fekk me i samarbeid med Agder boat avtale med kystverket av levering av Klosterpatrol P32. I denne avtalen var det blandt anna ynskje om tunnellkassett i staden for hekkaggregat. Fordelen med dette har eg nemnt før i dette innlegget. Tunnellkassett er det eg som støyper i verkstaden min for så å transportere den til sørlandet der den skal monterast.

tirsdag 17. januar 2012

Polering av Skorgenes 37 sonic

Denne båten hadde desverre ikkje fått den behandlinga den fortjente på mange år. Dei som trur at plastbåtar er vedlikehaldsfrie, tek grundig feil. Denne båten var forholdsvis ny (2006), men gelcoaten var like matt som vannscooteren min frå 1986 som har lagt ute heile livet. Det vart litt av ein jobb å hente fram att glansen. Båten måtte på dei verste plassane vannslipast med 1200 papir og deretter rubbing. Tilslutt to lag med båtvoks. Ein kan sjå forskjell på flybridgen på bilete under der det er blankt og matt...

mandag 16. januar 2012

Gummibåt vs. gaffeltruck

Ein jobb som dukka opp i haust var ein ribb som hadde hatt eit brutalt møte med ein gaffeltruck. Gaffeltrucken skulle sjøsette båten, bremsane på gaffeltrucken virka ikkje. Gummibåten havna då på sjøen med gaffeltruck over seg. Gaffeltrucken ligg som anker på havets botn, og gummibåten vart Roger mat. Jobben gjekk så kjapt at eg gløymde å ta bilete desverre...

søndag 15. januar 2012

Gammal Askeladd vert som ny...

Eg vert litt undrande innimellom når eg reparerer nye og gamle båtar. Ein skulle tru at dei nyaste båtane er dei beste, men dette får eg motbevist mang ei gong både med byggeteknikk og materialvalg. Ein kunde kom med ein Askeladd som hadde vore i familien siden den var ny. Beige skrog og oransje overbygg gjorde at båten lyste utdatert og lite interessant ut. Designet på båten i seg sjølv er ein grei båt som er synd å kasta. Så eigaren hadde ynskje om ein "facelift". Skroget og overbygget vart matta ned og lakka 2 strøk med to-komponent båtlakk. Fenderlist, styring og manøvrering vart skifta ut og ein ny 40 hK Yamaha kom på plass. Båten vart som ny :)





lørdag 14. januar 2012

Alive!

Viss det er tvil så er eg framleis i live. Det har vore stillstand på bloggen ei god stund, men arbeidet har tutla på som vanleg. Noko av grunnen kan vel forklarast med at eg har vore heime i permisjon med minstemann, samstundes som firmaet skulle drivast 50%. Travelt og kos på ei gong.

foto: Bodil Haga
No er eg tilbake att 100%, og det nye året har mykje kjekt arbeid å by på. Eg gleder meg og vil dele mine dagar i 2012 med dere her inne. I dagane framover kjem litt av det eg har sysla med i haust.
Related Posts with Thumbnails