Tenkjer nok dei som kjenner både meg og far min. Og for dei som er intressert så har Vi menn vore på besøk i naust og garasje og skrive ein artikkel om oss. Den er på trykk i Vi menn Båt denne veka. (veke 12) Her ligg det lenke til artikkelen.Der får de sjå mykje av det eg syslar med på fritida. Det går i båt både på jobb og i fritida. Salongbåten eg byggjer har eigen blogg: Mathilde
søndag 18. mars 2012
mandag 5. mars 2012
Sprekker/krakelering i gelcoat
Denne båten har fått sprekker/krakelering i gelcoat etter eit samanstøyt. Her held eg på med å pussa ned gelcoaten slik at eg kan sparkle opp tjukkelse att før lakkering.
Robåt med kjølskade
Denne robåten kan det sjå ut som nokon har teke to jafs av. Litt plastring, sparkling og pussing så vert den som ny att :)
Steyr servicekurs
I veka som var tok eg Steyr sitt servicekurs på UNIVA i Arendal. Dei sel båtutstyr frå Vetus og er forhandlarar for Steyr og Bukh motorar. Det var eit godt kurs med mykje praksis og lite teori, som passa meg perfekt. Eg fekk skru alt eg orka, og dette var spesielt kjekt. Då tenkte eg mykje på den Steyr motoren som er på plass i båten eg held på og byggje til meg sjølv, sjå Salongbåtdrømmen. Så no er eg certifisert til å å gjera service på Steyr motorar. Det er absolutt sesong for å stella med motor før båten din skal på sjø. Så ta kontakt medan eg framleis har tid.
Abonner på:
Innlegg (Atom)