No er endelig P40 på land. Det gjekk fint å få den på slippen og inn døropninga, slapp til og med å demontera antennene. Sidan båten veg godt over 10 tonn, veit eg og at Klosterfjord F40 vil gå fint på slippen.
No startar eg arbeidet på denne båten. Eg startar med å flytta motorinstrumenteringa sidan dener plassert heilt idiotisk i ein kvar båtbrukars auger :) Deretter skal eg prøve å forbetre skipselektrikaren sin plassering av bryterpanelet. Sidan ein under bruk av båten kjem borti brytarane ufrivillig med knea???!!
Alle som har vore ombord i ein patrol har nok sett at me plasserer brytarane i taket på styrbord side. Der har me og eit handtak som føraren kan halda seg i når han betjener brytarane.
Ha ein fin dag !
Leggja han på sido for å få han inn?
SvarSletthe he, ja ser iallefall slik ut.. la inn bilete rett frå telefonen, og då la det seg ;)
SvarSlett