torsdag 2. juni 2011

Elan 37 seglbåt


For dei som bur i desse trakter så ser de kanskje ei stor mast og båt framfor naustet. Det er ein båt eg held på å reparere. Den ruvar godt der nede, berre det å få han på land var eit prosjekt i seg sjølv. Båten har grunnstøtt for eit år sidan, eigaren hadde ikkje merka noko lekkasje og trudde alt var i orden.

Når båten ko her til viste det berre ei sprekk på ein bunnstokk og skaden virka ikkje så stor. Då den låg til kai her reagerte eg på mengden av vatn som båten tok inn. Det var ikkje store mengder, men meir enn normalt. Då den var komen på land så var det ingen synlige skader, men i dialog med takstmann blei me enige om å ta av kjølen for å konstantera kor vatnet kunne koma i frå. Dette var ein mykje større jobb enn eg forventa. Krybba til seglbåten er laga slik at båten kviler på kjølen. Eg måtte bygga ein jigg eg kunne løfta båten med. Samtidig som eg stabililiserte kjølen til nedsenkinga. Den vog 2,3 tonn så støttene måtte vera sterke.Det viste seg då eg løfta båten opp og kjølen hang laust at den kunne least på fram og tilbake 5-6 cm uten at båten lea på seg.

Då kjølen endelig kom av fossa det vatn ut mellom laminata, båten hadde altså delaminert rundt kjølen i grunnstøttinga og ved bruk etterpå. Dette kunne vore riktig så farlig å segla med. Det momentet ein kjøl får under segling er ubeskrivelig stort og i verste fall kunne den ha knekt av. Ein selgbåt uten kjøl snur seg opp ned på sekunder.Legger ved nokre filmsnuttar av løysinga av kjølen og vatnet som kom ut..







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts with Thumbnails