søndag 22. januar 2012

Seismikkdører

Eit oppdrag frå eit lokalt firma var å reparere seismikkdører/ foilar. Då eg og Robert tok på oss dette kom det ein mann frå Danmark og gav oss skikkelig opplæring i det. Så no er me tilgjengelige og kvalifiserte reperatørar av seismikkdører/foilar som er vakumstøypte i vinylester og multiaksialmatte.

Sidan eg ikkje har oppvarma naust endå sette me opp provisoriske veggar av presenning og bålfyrte med 4 kW varmevifte. Me klarte å halde ein grei temperatur. Desse dørene veg over 250 kg så Robert si gravemaskin måtte trø til som mobilkrane. me tok i mot ti dører, to vart kondemnert meddan resten vart reparert etter alle kunstens reglar. Denne kvalifiseringa kan føre til arbeid ute i verden og. Spennande!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts with Thumbnails