søndag 3. oktober 2010

Slangar og drenering..

Sidan dekket har 10 dreneringsslukar frå dekk og ut skutesida, er det ein fordel å montera desse og før dekket vert montert fast. Først monterte eg slangane i dreneringshola i dekket med 30 cm overmål på slangen. Så senka eg dekket ned til 10 cm over skroget og merka alle slangane si lengda. heiste så dekket oppatt, kutta slangane og festa to slangeklemmer på slangen og senka dekket ned til 10 cm over att. Eg leikte kirurg og stakk handa inn  og monterte slangane på skroggjennomføringane. Så senka eg dekket ned på skroget og sjekka at dreneringane virka ved å tømma vatn i kvar og ein av dei.

Deretter justerte eg dekket så det låg fint på skroget og hefta det med nokre skruer. Så merka og bora eg alle hola for dekk/ skrogmontering. Eg løfta dekket att 5 cm, la to tjukke strengar med sikaflex på flensen rundt skroget og på toppen av skotta inni båten. No kunne eg senka dekket ned på skroget at og bolta det endelig fast med 6 millimeter boltar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts with Thumbnails