tirsdag 26. oktober 2010

slipp

No er endelig slippen ferdig forbetra. Det har teke litt tid, men det var ganske mykje arbeid. I morgo skal den testast med 40 fotar for fyrste gong. Det som er gjort er at me har dobla støttene bak på slippvogna. Me har forsterka festet i front på vogna. Samtidig som festet i veggen på naustet er forsterka. Det er og laga ein sikkerheitsbrems på vinsjen.

I taket har eg hengt opp ein ståldragar med løpekatt. Ståldragaren kom opp for ei god stund sidan med hjelp av svigerfar. Greit med ein som kan tau, knutar og klatring.. De finn han på denne bloggen. Men løpekatten og forsterkinga slik at dragaren kunne komme til nytte har eg gjort no.


Så no er eg kjempe spent på morgondagen. Er ikkje berre berre å slippe ein 40 fotar... håper forbedringane er gode nok!

mandag 25. oktober 2010

Utbedring av Kloster Worker W40

For nokre år sidan fekk eitt firma låna former av oss til å bygga klosterfjord W40, dei bygde to stk., ein komplett og ein halvfabrikat. Halfabrikaten vart sett utanfor lokala til bedriften på nokre støtter. Den vart ståande ei stund der og som vanleg på vestlandet regna det ein heil del. Ingen såg etter båten og motorommet fyllte seg med vatn. Det resulterte i att båten tippa over ende og datt rett i betongen. Då den var reparert overtok eit anna firma båten som skulle ferdigstilla den. Firmaet hadde og støypt båten for tynnt, og måtte byggast om.

Dette firmaet ville ikkje ta imot tips og råd kring oppbygninga av  båten frå oss. Dei meinte dei hadde nok kunnskap til å gjera jobben sjølv. Dette resulterte i at den no står ved kaien vår og ventar på ein god del vesentlege utbedringar.

For det første båten har ikkje godkjent tjukkleik på samtlige ruter. Båten er ikkje manøvrerbar. Den har feil ror pluss for tynne hydraulikkslangar. For det andre kvelvar båten til sides når den passerer 19 knop. Lufting i tak eksisterer ikkje. Båten manglar handtak til å halde seg i inni båten. Elektriske brytarar må byggast om i tillegg til ein haug med andre ting.



onsdag 20. oktober 2010

utbetring av slipp

Held for tida på å utbedre slippen slik at den skal klare 40 fotarane og. Den er stor nok, men må vera sterk nok og. No har eg to 40 fotara med føreståande arbeid på så det lyt berre gjerast. Samtidig heng eg opp bjelke til løpekatt på tvers av naustet, slik at eg kan heise opp motorar blandt anna.

Dei to 40 fotarane som står for tur er ein som skal gjerast køyrbar og selgast og den andre skal me utbedra etter at andre har gjort slett arbeid. Kjem tilbake til desse utbedringane etterkvart som eg held på :)

søndag 10. oktober 2010

innredning

Siden båten skulle brukast til taxi og med plass til 12 personar, er den ikkje akkurat lystbåtinnredning. Men skal du ha plass til tolv må eindel innredning vika. Dashbordet blei annleis enn original sidan eg fekk utfalda meg som designer. Eg valde bua former på både dashbordplata og rattkonsoll. Dette var spila opp og støypt på eine sida, deretter reiv eg vekk spilene og støypte dashbordet ferdig. Så vart det sparkla og trekt med skai. På styrekonsollen nytta eg karbon og skai.


lørdag 9. oktober 2010

Blank utstyr, pullert

Montering av blankutstyr som pullert og rekker er det vktig å tenke på at desse skal tole å bli fortøyd og bitta fast med i all slags vér. På desse nyttar me KUN gjennomgåande boltar samtidig så me bruker godt med sikaflex. I tillegg til boltar bør det vera store skiver på baksida. På rekkene brukte me 50mm skiver, bak pullertane brukte me plast pluss stålskiver. Plastskivene er 110mm og stålskivene var 50 mm.

mandag 4. oktober 2010

styrhus montering

Å montere styrhus er forsåvidt ganske enkelt, men siden styrhuset består av ti deler som skal settast i saman. Dei må vera beine, slik at skyvedørene glir fint. sammenføyningane må vera tette så alle delane må tilpassast og kanskje må det pussast av litt. Derfor er det viktig å prøvemontera alt før ein festar det for godt. Styrhuset vert bolta til dekket med 8mm rustfrie boltar, med 15 cm avstand i mellom.


Styrhustaket var som skroget ein plugg. Det var lakkert raudt når det kom til meg. Så der og var det ein pusse og lakke jobb. For å gjera jobben enklare med montering av taket vart det gjort utandørs ved å sjøsetta båten og heisa det på plass med mobilkranen min.


søndag 3. oktober 2010

Slangar og drenering..

Sidan dekket har 10 dreneringsslukar frå dekk og ut skutesida, er det ein fordel å montera desse og før dekket vert montert fast. Først monterte eg slangane i dreneringshola i dekket med 30 cm overmål på slangen. Så senka eg dekket ned til 10 cm over skroget og merka alle slangane si lengda. heiste så dekket oppatt, kutta slangane og festa to slangeklemmer på slangen og senka dekket ned til 10 cm over att. Eg leikte kirurg og stakk handa inn  og monterte slangane på skroggjennomføringane. Så senka eg dekket ned på skroget og sjekka at dreneringane virka ved å tømma vatn i kvar og ein av dei.

Deretter justerte eg dekket så det låg fint på skroget og hefta det med nokre skruer. Så merka og bora eg alle hola for dekk/ skrogmontering. Eg løfta dekket att 5 cm, la to tjukke strengar med sikaflex på flensen rundt skroget og på toppen av skotta inni båten. No kunne eg senka dekket ned på skroget at og bolta det endelig fast med 6 millimeter boltar.

lørdag 2. oktober 2010

Tankar....

Inni skroget skulle det byggast flytetankar ute i skutesida. Desse skal hindra båten frå å søkke ved vannintrenging. Dei vart plassert lengst ute på sidene for å gje båten god stabilitet/ balanse. Dette var eit møysommelig arbeid med måling, heving og senking av dekk. Sidan dekket skulle kvila på toppen av flytetankane måtte det vera ei nøyaktigheit innan 2mm. Hadde desse vert skeive hadde det vorte bulkar på dekk og det ville vorte vaskelig å motera styrhuset. Då tankane var ferdig bygde var det montering av septik, diesel og vanntank. I tillegg vart det montert ein dagtank. Ein dagtank er ein dieseltank som blir fylt opp av returdiesel frå motoren som er blitt filtrert og er rein. Når denne er full går det eit overløp ned på hovedtanken. Meininga med denne er at viss ein har tette filter eller tom hovedtank, kan ein med eit enkelt grep opna kranar slik at motoren får drivstoff frå denne tanken.



Related Posts with Thumbnails