torsdag 30. september 2010

Frå plugg til båt..

Då me bygde P32 tok me utgangspunkt i P28. Pluggen som me laga forma av henta me med oss heim til Halsnøy og var grunnlaget for første bygg. Kunden som hadde bestilt denne båten var ikkje så oppteken av finish, sidan det var ein arbeidsbåt. (Ein plugg er ein modell i 1:1 som blir brukt til å støypa form på, den vert som oftast kassert etterpå, men i dette tilfelle brukt vidare.) Båten skulle bli taxibåt i Tønsberg og ha plass til 12 passasjerar.

Første del av jobben då den var levert på kaia, var å få den på sjø og inn i naust.
I naustet begynte arbeidet med å rive provisoriske stivarar som var støypt inn i båten. Nokre av desse stivarane måtte me bruka vidare og blei ståande. Utvendig hadde båten berre ein sparkelfinish og måtte pussast ned og lakkerast. Der fekk eg frie taumar og eg valgte då grått og kvitt skrog. Rekka var støypt i form så den hadde fin finish.

Dekket var berre provisorisk skrudd fast og for å enkla jobben innvendig i båten vart dette heist opp slik att det hang over båten. Då vart det ståhøgde dei fleste plassar i skroget. Dekket vart senka ned for å passa til ulike høgder og skott. Tilsaman trur eg eg hadde det ned på skroget ca. 10 gg før det endeleg vart festa.


Nathalie er medhjelper :)

onsdag 29. september 2010

Kloster Patrol P32

I vår var eg så heldig å få bygga prototypen på P32. Den var spesialbestilt som taxibåt til Tønsberg Taxibåt.  Det var ein spennande jobb med tanke på at denne skulle bevisa både at den var synkefri og skulle bestå ein krengetest.

Tenkte eg skulle skriva nokre innlegg framover om byggeprosessen av denne båten. Håper de finn det interessant å lesa om vegen fram til leveringsklar båt. Så heng med!

Båten går no som sagt  som taxibåt. Eigaren er svært nøgd og den har blandt anna vore ein tur til Tyskland der den var utleigd som patrulje/ vaktbåt. Båten falt og i smak hos tyskarane, dei likte den godt.

Er svært glad for for å sjå at så mange tek turen innom bloggen for å sjå kva eg styrer med. Det gjev ein lyst til å fortsetta :) Tusen takk!!

søndag 26. september 2010

Oppgradering av Øyen 16

Øyen 16 er ein kjekk og grei landstedbåt. Akkurat denne båten som eg oppgraderte hadde ein heimesnekra styrekonsoll midt i båten. Eigaren ville ha ein ny type konsoll er laga for montering på styrbordside inntil skutesida med vindskjerm. Båten hadde og ein svak og dårlig dørk som måtte forsterkast. Originalt er båten toppcoata innvendig med ein lysebrun toppcoat, den er det vanskelig å finna liknande til å flikke med. Me vart då eininge om at heile båten skulle toppcoatast innvendig etter at eg hadde slipt ned dørken med ein lys grå farge med kode 8008. Eigaren nytta båten til hobbyfiske og når dørken var forsterka blanda eg sandblåsesand i toppcoaten slik at den ikkje vart så glatt å gå på.




Resultatet vart ganske bra med ny vindskjerm og forsterka dørk og ny farge.

onsdag 22. september 2010

gammal bunnsmøring

Fekk ein mail her om dagen om fjerning av gammal bunnsmøring.

"...hadde den på land i vår og vaska, pussa og bunnsmurte, så trodde jeg at jeg hadde klikka. Det er et tykt lag med gammelt bunnstoff, og sikkert en salig blanding av selvslipende og kobber stoff og... Uansett så flassa det sikkert like mye av som jeg fikk smurt på, og det gikk vel med nesten dobbelt så mye bunnstoff som vanlig.

Neste år har jeg derfor lyst å prøve fjerne alt gammelt stoff, for så å starte på nytt. Så derfor lurte jeg på om du hadde et tips til hvordan enklest få fjerna det gamle bunnstoffet. Har fått tips om sandblåsing og skraping... Tenkte kanske at en fagmann som deg hadde et sikrere tips?"

og svaret mitt  var då :

"kjenner til dette problemet ja. Har desverre ingen kjappe løysingar på det. Men sand/vannblåsing er det beste, enten gjere det sjølv og leige apparat eller leige folk til heile jobben. Har sett at folk har skrapt vekk alt og, med godt resultat. Det kan virka som mykje arbeid og peng dette, men du har att for det. Viktig at du i ettertid ikkje smører på for mykje bunnstoff, eitt strøk pr. år er nok. Første året (etter all skraping blåsing) tar du to strøk epoxyprimer og to strøk bunnstoff. Deretter flikker du berre der det har slept bunnstoff, og flikke i vatnlinja kvart år.
Lykke til! "




torsdag 16. september 2010

teleflexkabel...

Mange mindre båtar med innen og utenbordsmotor er ofte utstyrt med teleflexsstyrekabel. No når båtsesongen går mot hell og vinteren er i gjære er det viktig at ein går til båten ei gong i månaden og svinger frå styrbord til babord på rattet, og har litt olje på den kabelen som vert eksponert for regn og frost (den delen som er bak med motoren).

Mange har nok opplevd at når ein set båten på sjøen att er ofte rattet treigt eller det står heilt fast. Då må ein gå hardare til verks for å løysa opp kabelen og i enkelte tilfelle må kabelen skiftast ut. Slike kablar kostar frå ca. 500-1000 kr og det er ei kjedelig utgift som ein kan unngå :)

onsdag 15. september 2010

Haust...

Ser ein ut vindauga om dagen eller er ute og arbeider ser og kjenner ein at hausten definetivt er komen til oss, jammen er eg glad for eg har naust å jobba i.

Tida framover er det nokre store prosjekt som ventar på meg. Blandt anna skal eg bygga på den KlosterPatrol P40 prototypen som har lagt ved kaia her i lang tid. Enklare å selga ein båt som er køyrbar.

Vidare held eg på og teiknar på P28 til fiskebåt. Eg teiknar og utarbeider denne båten til kunden ut frå den sitt behov. KlosterPatrol P28 vert vanligvis bygd og forhandla av Agder Båt, men spesialbåtar bygger eg.


Eit anna prosjekt som venter er ein båt som skal monterast motor og ferdigstillast. Dette er nokre av dei store prosjekta for hausten, innimellom kjem det små oppdrag med båtar som har fått litt småskader eller som treng service. Så eg har no litt å putla med. Dei ulike prosjekta kjem det meir om etterkvart som eg kjem i gong med dei.

søndag 12. september 2010

Ei lita oppdatering herifrå...

Her har det vore litt stille att. Me lever i lykkerus for tida, vetle Jonathan kom til verden for ei veke sidan. Me nyter dagane med han og jentene, men det vert jo litt jobb med båtar og.

Revehyttene er endelig levert. Det tok litt tid med ferdigstilling på grunn av nokre luker eg venta på. Nathalie (mellomste jenta mi på 5 år )var med meg og monterte lukene og spraylakkerte desse. Ei veldig ivrig og flink arbeidsjente som elsker å vera med meg ute.

Fekk ein båt i tunet som eigaren trudde hadde nokre mindre skadar under. Etter besiktelse vart konklusjonen att det berre var bunnstoff og grunning som var slitt vekk, og det då berre var pussing, priming og nytt bunnstoff som skulle til for å få båten i god stand att.

tirsdag 7. september 2010

liten speedbåt med egentlig for stor motor...

... og samtidig for svak i konstruksjon. Dette fører veldig ofte til at speil og brønn sprekker. Dette hadde denne båteigaren smerteleg fått erfara og det vart arbeid til meg. Heldigvis vart skaden oppdaga før det vart alvorleg. Motoren kunne nemleg ha falt av og etterlatt seg eit stor hol i bakenden, som hadde ført til at båten kjapt ville ha sunke.

Det som vart mi oppgåve var å få styrka akterspeilet. Då var det i gong med nedsliping fyrst, og då kom det fram kor tynt båten var støypt på førehand. Deretter var det å laminere opp tjukkleiken ved hjelp av multiaksial matte i lag med vanlig kutta fibermatte til ønska tjukkleik. Denne kunden tok finisharbeidet sjølv, det tek ofte lengst tid og er ein nevenyttig kan ein klare det sjølv. Då reduserer ein og utgiftene på båten.

mandag 6. september 2010

Vel blåst og tur til ONS

Då modellen var ferdig og støve hadde landa i naustet fekk eg ein hyggeleg telefon om at Eide Marine Service ville spandere tur på meg og Jan Magner (vetlebror) til ONS i lag med dei andre som hadde vore med på prosjektet. Det var ein koslig tur med mange inntrykk og ikkje minst var ungane i hundre då eg kom heim att. Eg nytta den siste stunda der nede til å samle inn litt reklamemateriell frå standar og det vart jo julaftan for ungane.





Resultatet vart veldig bra, mange dyktige folk som har arbeidt på den.

søndag 5. september 2010

Trapp og montering av deler

I siste liten kom det teikningar av trapp i lag med deler skåre ut i messing. Trappa bygde eg i mahogni og festa på messingrekkverket. Neste synd å male den kvit, vart så flott, kunne vore plassert i Titanic eller liknande flott skip, he he.

Så bar det inn i Høylandsbygd for montering av alle dei ferdigstilte delane. Der var det mange som var i full gang med putlearbeidet. Modellen var stor, men med fem vaksne som skulle montera tinga sine samstundes, vart det litt trongt om plassen.

lørdag 4. september 2010

Styrhus og andre småbygg på dekk..

Etter livbåtane var det vidare pussing og sparkling på fleire av bygningane på dekk. Det auka på med arbeid heile tida, og me såg etterkvart heile skipet ta form ut frå delane. Under ser du styrehuset klart til sparkling.

                                     

Her var det mykje krinkel krokar, det var eit møysommelig arbeid å sparkle og ikkje minst pusse det slett og fint før lakkering. Under ser du fleire av delane etter at eg er ferdig og dei er klare til levering vidare til neste ledd, lakkering.
                                      
Den firkanta kassa i midten er ROV-hangar den husar to ROV'ar og på bilete under ser du dei og skårne ut og ferdig lakkerte. Eit helikopter kom og dumpande innom, og eg malte det i same slengen.

fredag 3. september 2010

Livbåtmodellar

Boreskipet skulle og utstyrast med stuplivbåtar frå Norsafe sine type GS40. Det måtte og lagast modellar av desse. Jan Magnar skar desse ut at eit materiale som heiter divinisell frå teikningar. Dei vart så prima, sparkla og pussa. Desse lakkerte me sjølve med ein vanlig spraymaling og ikkje to-komponent. Deretter laga eg utsettsarrangementet for dei. Der nytta eg spiler av mahogni, papp og sugerøyr. Sette det i saman og lakkerte.





torsdag 2. september 2010

Maskering og lakking..

Etter all sparkling og pussing var skroget klart til lakkering. Eg vart med inn i lakkboksen for å maskera etter at blåfargen var komen på. Eg skulle maskera vekk det som skulle behalde blåfargen før lakkeraren skulle lakkere svart undervannsskrog og grått dekk.


onsdag 1. september 2010

Modell av Eidane sin Light workover intervention vessel

Dei som kjenner meg veit at eg likar godt å bygga modellar. Det vert som oftast på fritida eg må pusla med dette, men her om dagen kom det eit kjekt oppdrag til meg. Eide Marine Service har som kjent fått kontrakt på to brønnoverhalingsfartøy, og dei skulle syna ein modell av det på ONS i Stavanger.

Bygginga av denne modellen var eg så heldig å få vera med å ta del i. Det byrja med at skroget kom, klart til sparkling, pussing og priming. Modellen er  ca 2,5 m lang og  ca 100 kg.

Haust...

Då var fyrste haustdagen her og eg kan sjå tilbake på ein kjekk og hektisk sommar. Satser på at finver og oppdrag strøymer på sjølv om dagane vert kortare, og båtsesongen for fritidsbåtane er på hell. No er vel tida for å gjera utbetringar, service og reperasjonar slik at alt er klart for ein flott båtsesong neste vår/ sommar.

Det har desverre vore litt tørke på innleggsfronten og det beklager eg, men det er kjekt å sjå på statistikken at de ikkje gjer meg heilt opp. Etter den hektiske økta eg hadde der arbeidsdagane vart veldig lange, har eg hatt litt behov for å hente meg inn att litt. No er eg tilbake for fullt, med fødeklar kone og masse å gjera. Har jo lyst å få ferdig mest mulig føreståande før den vetle har tenkt å dukka opp.

Seinare i dag skal eg byrja og blogga om modellprosjektet eg plutseleg fekk i hendene, som enda i at eg fekk med meg ONS- oljemessa i Stavanger. Knallkjekt!
Related Posts with Thumbnails