tirsdag 21. juni 2011

Prøvekjøring p40



Endelig har me fått prøvekjøra P40, etter lang tid med ombygging. Men eg tenkjer eigar vil tykkja det var vel verdt det.. Båten går som eit olja lyn og kan snu på 5-øringen.. ja, ja, ikkje langt i frå iallefall ;)

Så no har me vore ute og herja på vikjo og tatt mange flotte bilete. 

onsdag 15. juni 2011

Gratulerer!

Som mange har fått med seg har pappen fått ei stor anerkjennning ved at Kystverket har vald hans båt: Kloster Patrol P32. Dette er kjempespennande og me gleder oss stort. Gratulerer så mykje!

Du kan lesa meir om det i Sunnhordland og Båtliv.

Og med salg til pappen drypper det jobb på meg. To tunnellkassettar skal monterast i Arendal til hausten.

torsdag 2. juni 2011

P40 Florø Båtmesse 2011

Det er blitt bestemt at P40 skal opp på Båtmessa i Florø- der kan de møta både konstruktør Magnar Reigstad, selgar Øystein Lending og eigar (av akkurat denne båten). Dette er ein spesialbestilt utgåve av P40, som er bygd som skyssbåt og lastebåt. Derfor er det ein krane på fordekk.



Elan 37 seglbåt


For dei som bur i desse trakter så ser de kanskje ei stor mast og båt framfor naustet. Det er ein båt eg held på å reparere. Den ruvar godt der nede, berre det å få han på land var eit prosjekt i seg sjølv. Båten har grunnstøtt for eit år sidan, eigaren hadde ikkje merka noko lekkasje og trudde alt var i orden.

Når båten ko her til viste det berre ei sprekk på ein bunnstokk og skaden virka ikkje så stor. Då den låg til kai her reagerte eg på mengden av vatn som båten tok inn. Det var ikkje store mengder, men meir enn normalt. Då den var komen på land så var det ingen synlige skader, men i dialog med takstmann blei me enige om å ta av kjølen for å konstantera kor vatnet kunne koma i frå. Dette var ein mykje større jobb enn eg forventa. Krybba til seglbåten er laga slik at båten kviler på kjølen. Eg måtte bygga ein jigg eg kunne løfta båten med. Samtidig som eg stabililiserte kjølen til nedsenkinga. Den vog 2,3 tonn så støttene måtte vera sterke.Det viste seg då eg løfta båten opp og kjølen hang laust at den kunne least på fram og tilbake 5-6 cm uten at båten lea på seg.

Då kjølen endelig kom av fossa det vatn ut mellom laminata, båten hadde altså delaminert rundt kjølen i grunnstøttinga og ved bruk etterpå. Dette kunne vore riktig så farlig å segla med. Det momentet ein kjøl får under segling er ubeskrivelig stort og i verste fall kunne den ha knekt av. Ein selgbåt uten kjøl snur seg opp ned på sekunder.Legger ved nokre filmsnuttar av løysinga av kjølen og vatnet som kom ut..







P40 - nærmar seg no

No er det ei stund sidan eg har lagt ut noko nytt her ifrå. Travle tider om våren som alltid og det er knallkjekt!

P40 som har stått i naustet og vore omtalt her i lang tid, er no veldig nærme målet. Der er  propellakslingar og ror montert, endringar er gjort i styrhuset og den har fått handtak/rekkvert på kvar side av taket.

Me oppdaga då me demonterte den gamle syiringa kvifor den var tung å styra. Ein båt i den storleiken skal ha minimum 12 mm diameter på hydrolikkslangane innvendig. Denne båten hadde utrulig nok berre 4 mm  diameter på slangane. Det er som å styra ein båt på 14 tonn med sugerøyr!!



Related Posts with Thumbnails