fredag 30. juli 2010

Tur ut i holmane

Slik me bur til treng me ikkje lange planlegginga før me er på sjøen ein liten tur. Ikkje treng me køyra langt heller før det er fine plassar å legga til. Her om dagen var det nydelig vêr og me fekk besøk om kvelden. Då tok me like godt å pakka med oss kveldsen (tacoen) og besøket og seig ut på sjøen med Oline. Me ankra opp ute i Løkjelsøy og nytte god mat i solnedgongen medan me kikka på båtturistane som kom og ankra opp rundtom for kvelden. Slike kveldar gjer ein godt og det vart ei flott oppleving i godt selskap :)

onsdag 28. juli 2010

Dagens syslar: båt båt båt

Denne veka er det revehytter eg held på med, men får no putta inn litt båt innimellom. Dagen i dag vart det nesten berre båt. Fekk inn ein båt som skulle ha oljeskift og nytt dieselfilter, grei jobb tenkte eg heilt til eg skulle starta opp etter endt arbeid, og det hadde den ikkje tenkt til. Det endte i mange timar der eg skrudde open alle elektriske koblingar, rensa dei og smørte med kontaktspray. Jammen er motor-rom og tilkomst til motor liten og kronglete! Men det gav resultat, tilslutt starta den att og gjekk som ingenting hadde skjedd :)

Ein annan båt eg og såg på i dag hadde for høg kjølevatntemperatur, sjølv om impeller nettopp var skifta. Eg valgte å spyla igjennom motoren med kjølevatnrens og ta ut termostat. Termostaten satt fast og var ikkje råd å ta ut, men den sat meir fast enn den skulle, så då eg løsna den opp ordna alt seg. Kjølevatnet kjølte motoren att slik han skulle.

Motorar som tek sjøvatn direkte i blokka for kjøling treng årlig gjennomspyling av blokka for å hindre tering og rust innvendig. Saltvatn og støypegods er ikkje gode venner:)

tirsdag 27. juli 2010

Svalbard


Sjølv om eg utdanna meg som snekker då eg gjekk på vidaregåande, så har eg alltid jobba med båt i lag med pappa. I kveld vil eg fortelje om eit uvanlig oppdrag me fekk for mange år sidan. Monica Kristensen ( polarfarer) hadde leigd båten Polarsyssel og reist på ekspedisjon i Sørisen, men båten var vanligvis stasjonert på Svalbard. Den eine av dei to lettbåtane på Polarsyssel vart skada og det å få båten frakta frå Svalbard til Tromsø for å få reparert skadene vart for kostbart. Så me tok jobben og fekk gratis reise og opphold på Svalbard.

Då me ankom Svalbard vart me møtt av ein gammal venn av pappa, kriminalpoliti Halvard Tømta. Han og familien hadde vore med på ein av båtferieturane våre til Kosterøyane. Han jobba no på Svalbard som Sysselmann. Sonen hans som eg leika med på Koster, var butikkmann på Svalbard. Det var rart og sjå kvarandre att, på Koster var me jamnhøge og berre ungar, men no var han ein meter høgare enn meg, og me hadde vaksnast litt kan du sei.

Båten me skulle reparere var skadd i baugen og skadane blei reparert på same måte som eg har fortalt om tidligare båtar med skrogskade. Det vart ein spanande og annleis jobboppdrag med litt tid til å sjå seg rundt og.

mandag 26. juli 2010

kan visst brukast til alt nett så poteto...

Eg held jo for det meste på med båtar eller snekring, så forundringa var stor i dag då ein syklist tok kontakt. Kjekt det altså, iallefall når eg kan hjelpe. Sykkelen er nemleg i carbon, og den har ein sprekk i setefestet. Dette er eit komplisert brudd som må slipast heilt ned og byggast opp att med ny carbon og epoxy. Dette vert spennande, men eg har trua på at eg skal få det til.

Ellers i dag har fleire tatt kontakt om båtarbeid, det liker eg og. Held jo på å bygga meg opp her ved kaia, og treng at folk veit om meg. Så veit du om nokon som treng hjelp med båten på ein eller annan måte, så be dei gjerne om å ta kontakt med meg. Ofte lurt å tenka på service på motor og evt. forbetringar på båten medan ting er friskt i minne, og køane på slipp og verkstad ikkje er uoverkommelige. Ofte kjem alle på same tida og vil ha båten på sjøen. Sola skinner og sjøen lokkar, kva med å vera førevar denne sesongen?

Avlshytter til fjellrev


bilete er lånt av NRK


I dag er eg i gong att med eit prosjekt eg har jobba med ei stund. I tillegg til båt, så vert det ein del andre plastprodukt eg lagar. Blandt anna produserer eg revehytter som eg kallar dei. Det er revehi eg støyper i plast og sandvich med to utgongar og luke som forskarane kan opne. Dei har desse plassert rundt om i landet, blandt anna på Hardangervidda. Her kan dei halde nøye auge med revefamilien. Les meir om prosjektet her: Fjellrev-NINA

Slik ser hyttene ut under produksjon. Fyrste lag er lagt, de ser holet til inspeksjonsluka.

søndag 25. juli 2010

Mandal og feriemimring...

Sidan det er helg og eg ikkje har jobba, berre kost meg med familien både på sjø og land, vert det mimring i kveld. Turen går tilbake til Mandal og ei meget spesiell oppleving. Dagen byrja rolig med at me var på Mandalsanden å bada og kosa oss. Det er ei nydelig strand med deilig sand som ligg rett utanfor Mandal sentrum. Vidare var me på handling av mat for vidare båttur, men la oss til ro for kvelden i Mandal.

Seint på kvelden/natta våkna pappa av at det var folk på flybridgen vår. Han heiv på seg klede og for ut på akterdekk. Han vart ganske forskrekka då han såg ein ung mann som prøvde å lage seg eit bål oppe på vår flybridge. I sinne fekk han stoppa mannen og kasta han på kaia. Deretter hoppa han etter han og gav han juling. Plutselig kom fleire til og treiv pappa vekk. Pappa trudde dei ville hjelpa  hjelpa ungdommen, men dei tok derimot tak i han og kasta han på sjøen. Han landa med eit dunk ombord i ein båt der fleire ungdommar sat og venta.

Det viste seg at dette var nokre butikkeigarar frå Mandal som hadde gått i sammen for å verna om butikkane sine. Desse ungdommane som sat i båten og han som hadde fått juling hadde raida Mandal i lengre tid med hærverk og innbrot. Butikkeigarar og politi hadde ikkje fått has på dei og sleit stort med å få dekka skader og tap av forsikringsselskap etterkvart.

Me barn låg og sov og ante fred og ingen fare. Då me vakna morgonen etter fekk me høyra kva som var skjedd. Me var ganske overgidde over nattas ville hendingar og i tillegg vart me invitert på frukost med ordførar og politimeisteren i Mandal. Ei oppleving som sitt godt att i minne.

fredag 23. juli 2010

Vidare arbeid med pickup-båt

Etter at lamineringa og sparklinga var herda var det å pusse lett over for å få det slett. Deretter blåste eg støvet ut av porene. Sparkling og pussing gjentok eg tre gonger før båten var klar for lakking. Båten fekk to strøk med tokomponent lakk. Eg påpeikte at båten var matt i gelcoaten og at den burde vert polert opp. Firmaet som eg utførte arbeide for var einige. Etter eit par timar såg båten blank og fin ut att.

torsdag 22. juli 2010

Reperasjon av pickup-båt

Eit opppdrag eg har jobba med er ein skadd pickup-båt. Den var kræsja i baug og hjørna bak  på styrbord side, i tillegg til andre småskader rundt om på skroget. Båten var ferdig strippa for fenderlist då eg tok til på jobben. Eg byrja som med båten eg har skreve om i tidligare innlegg, å slipa vekk delaminert material. Deretter bygde eg ein jigg til å støype på, sidan store deler mangla på båten. Eg  kunne ikkje berre laminere i lause lufta. Så var det tid for å laminere/ sparkle flensen til ønska tjukkleik. Fortsettelse følger i morgo :)

Slik såg båten ut etter at eg hadde slipt

onsdag 21. juli 2010

Avslutning av baugskade jobben

Bilete før og etter reperasjon

I dag var det finish som stod i høgsete. Eg byrja i dag tidlig å matta ned det eg lakka i går kveld med ei stålullfille. Deretter var det å vaske lett over området med raudsprit før andre strøket kom på. Då lakken var herda gjekk eg over feltet med R10 polerpasta. Overgangen mellom gammal og ny gelcoat vert då mindre synleg. Eg er fornøyd med resultatet og kunden skal få att båten, og er forhåpentligvis nøgd han og.

I kveld har eg nytta sjansen sidan kona og unga er borte å arbeida med salongbåtprosjektet mitt Mathilde. Eg har starta på den nedre fenderlista. Den er skrudd fast og limt i epoxy, og begynner å ta form. Skal få dokumentert det meir og lagt det inn i salongbåtbloggen ein annan dag :)

tirsdag 20. juli 2010

Vidare arbeid med baugskadd båt

I dag var det arbeid att på båten med skader i baugen. Eg nytta grovt pussepapir i dag for å pussa vinylestersparkelet. Dette fordi at vinylestersparkelet er så seigt, og med fint pussepapir vil det berre legge seg i papiret med ei gong, og effekten uteblir. Når eg hadde fått det jamnt og fint, blåste eg baugen reint for støv slik at eg kunne begynna med finsparkling. Støv i finsparkelet er ikkje bra, det resulterer i luftblører og klumper og då vert det dårlig finish. Finsparkelet måtte på i fleire omgangar, og måtte pussast og blåsast reint fleire gonger til resultatet er slett og fint. I tillegg har eg behandla noen deler av giret i båten som var rusta og fæle. Dei børsta eg reine med stålbørste og spreia på epoxyprimer for å få bukt med rusten.

Etter all sparkling og pussing var det klart for lakkering. Fargekoden til den lyse delen av båten hadde eg, men til det grønne feltet mangla eg kode og måtte blanda det til sjølv. Første strøk er no i boks, men finish skjer i morgo så følg med, då kjem det før og etter bilete av arbeidet. :)

mandag 19. juli 2010

Fiksing av baugskade

I dag er eg starta med båtarbeid att og mimringa tilbake til barndomssferiane med båt får vente ei stund. Eg har fått inn i naustet ein båt med skader i baug etter samanstøyt med ein annan båt. Båten har ein sprekk på ca. 30 cm midt på ei flate i baugen. Dagen i dag gjekk med til å få den få land og tørke opp væte i såret. Eg brukte varmluftpistol for å komme godt til. Det er ikkje lurt å pusse og sparkle på våt glassfiber. Eg tok deretter ein vinkelslipar med grovkorna skive og slipte vekk alt delaminert materiale. Etter dette var vekk tørka eg på nytt reint for å få eit overblikk. Eg nytta hoggjern til å få vekk fliser som stakk ut og fekk tilsutt ei fin jamn flate.

Grunnen til at all delaminering må vekk er for å unngå att såret skal sprekke opp att på nytt. Deretter pussa eg for hand på innsida, og eg pussa for hand for å unngå ein større vaskejobb inni båten. Skaden vart så vaska med polysolve og eg laga ein sparkelblanding av vinilester og kutta fiber for å oppnå ein optimal styrke. Eg sparkla med dette til ønska tjukkelse og det står no til herding til i morgo.

søndag 18. juli 2010

Vakre Tjøme

På båttur i barndommen var me og innom Tjøme ytterst i Olsofjorden. Då me kom i land der var me kjappe å komma oss opp til eit område med leikeapparat og tennisbanar. Der sprang me rundt og hadde det knallkjekt. Dette var spennande sidan det ikkje var daglig kost med slike leikeanlegg. På motsatt side av flytebrygga me låg på låg det ein Princess 55. Den gongen var det ein av dei største lystbåtane som fantes, nesten uverkeleg å sjå storleiken på den. Eigaren hadde mange flotte selskap ombord, mange gjester kom og gjekk i løpet av dagen. Men det morsomaste var andre natta me låg der. Det kom ein liten motorbåt og slepte Princessen vekk. Det viste seg altså at båten ikkje hadde motorar. Me synes den flaut litt lett på sjøen. Merkelig å tenke at eigaren ikkje hadde motor i båten sin. For meg er det jo ein av dei største gledene ved båtlivet å få kjøra på sjøen.

Ein god del år etter dette dukka denne båten opp att i eit båtblad. Då var den kjørt godt opp i fjøra og bakenden låg under vatn. Historien seier  at han hadde endeleg fått montert motorar og sikkert drukke seg til mot på tur. Dette endte som med mange andre som blandar båtkjøring og alkohol, med ulykke. For han hadde det nok vore best å ungått motor i båten vidare og.

lørdag 17. juli 2010

Kosterøyene i Sverige

Kveldens mimrestund går til Svenskekysten nærmare bestemt Kosterøyene og området rundt. Farvatnet rundt desse øyene inneheld mange umerka grunner. Dette resulterte i at me ungane låg framme på baugen på båten for å varsle om grunner, då pappa på flybridge navigerte frå Strømstad til øyane. Me gjekk med så sakte fart som mulig og me kvakk veldig når grunnene dukte opp frå intet.

Eine øye me ankra opp ved var nydelig. Der var det 4 m djupt og me kunne legge oss med skutesida inntil bergveggen. Berget danna ei naturlig kai, og me kunne berre spasera i land. Dette var praktisk for oss som og hadde med storesøster sin hund Tina.Det er litt rart å tenke i dag på at me var 4 barn 2 vaksne og 1 hund i ein 30 fots halco. Dagens standard for båtferie med familie er nok ein litt annan enn då. Mamma må ha vore ei tolmodig sjel som heldt styr på mat og klede for ein heil gjeng i mange veker.

Meg og vetlebror fann ein slags kanal med sjøvatn som leiia inn mot ein stor dam med fin sandbotn, eit lite paradis. Men det som var enda meir spennande var ein gjenstand som eg og vetlebror var overbeviste om var ei tysk mina. I verklegheita var det berre ein stålbøye som hadde rekt i land, men fantasien vår var ubegrensa. Dagane gjekk ellers med til å utforske den spennande øya, me sprang rundt med hovane våre og fanga småfisk og andre skattar.

Utrulig så eksotisk Sverige var for oss barn; raude lakrissnører, gjennvinningsautomat for colaboksar og alt anna plastikk fiks fakserier som dei selde på torget i Strømstad. I løpet av tida på Koster kom to familiar som slo følge med oss i ein stor Enes 32. Meg og guten i den båten var rundt om på oppdagelses ferd med gummibåten vår med 5 Hk Yamaha på.

Det er slike minner som gjer at eg sjølv no bygger meg familieferiebåt. Draumen er å ta med eigen familie langs norskekysten og til Sverige og Koster. Forhåpentligvis vil dei sette like stor pris på ein slik tur og få eigne gode minner som dei kan dele vidare.

fredag 16. juli 2010

Minner frå Tvedestrand

                                                Bilete er lånt av Tvedestrandposten, Frode Gustavsen

I kveld går turen tilbake til bardomsferien og innom Tvedestrand. Der var det "tilfeldigvis" båtrace akkurat den helga me kom crusande. Så istaden for å legga oss i lag med dei andre båtane, som publikum la me oss med ei øy og fekk sett båtane i racet passera med berre 30 meter avstand. Båtane i racet var Formel 1 katamaranar med utenbordsmotor, dei var bygd av tynn kryssfinèr og epoxy.

Dag to låg me og kikka på båtane att og då opplevde me at ein av racerbåtane flippa rundt og landa på båten som kom bak. Begge førarane kom heldigvis uskadde frå det, men båtane var berre finèrflak att. Den eine båten sank umiddelbart, medan den andre vart liggande i vannskorpa. Me kjørte bort til denne og slepte den til land i lag med førar.

Dette var ikkje noko unikt tilfelle denne helga, fjorden var full av finerflak etter at minst ti båtar enda i samme skjebne. Dette gjorde store inntrykk på ein liten gut som meg som ikkje før hadde sett racerbåtar i verklegheita. Det  var ein heilt annan opplevelse å sjå dei passere 30 meter i frå enn på ein tv skjerm. Og i tillegg vart ein vitne til fleire krasj, gjett om augo var store og spenninga høg. Om kvelden var det tid for å ankre opp ved øya "vår". Me fyrde opp grillen og prata om dagens hendingar i solnedgongen.

torsdag 15. juli 2010

Barndomsminner

Båtferiane då eg var liten har eg mine beste ferieminner frå. Ikkje berre var det kos og god tid, men og ein god dose lærdom. Akkurat no held eg på med andre arbeidsting enn båt så då tykkjer eg det passer godt med litt mimring. Så heng på dei neste dagane her på bloggen så får de vera med på ein tur ned "memorylane". Kanskje nokon kjenner seg att :)

Ved Lindesnes søkte me nødhavn ei gong fordi det blas kraftig over Jæren. I havna fortøyde me i nærleiken av to reketrålarar. De som kjenner til båtlivet veit at ein lett kjem i prat med dei andre i havna. Slik fekk me raskt vite at den eine trålaren låg i havna og venta på ein reperatør frå Mandal som skulle sveise bremsen på vinsjen. Bremsebåndet hadde revna under siste kast og fiskaren var fortvila for tapt tid. Sveiseapparat stod på kaia, men ingen hadde kunnskap til å kunne bruka det.

Pappen min tilbydde seg då å hjelpe. Han kunne sveise og etter ein liten time var vinsjen som ny.
Fiskaren var veldig takknemleg og belønninga var reker og kreps så mykje me orka. I tillegg stilte han bilen sin til disposisjon så lenge me låg i havn. Dette gjorde att me fekk sett oss rundt på land ved Lindesnes dei to dagane me venta på betre ver.

Lindesnes var kjempe spennande å sjå både for små og store i det veret som var. Store lasteskip vart kasta rundt i bølgene som små joller. Kanonstillingane og bunkersane var spennande å springa rundt i, nesten litt skummelt enkelte plassar der det ikkje var lys.

Då me kom tilbake frå bilturen til Lindesnes fyr hadde trålarane allereie vore ute og dratt i land ein god fangst. Fiskaren var storfornøyd og det var me og. Han fekk arbeida att og me vart mange opplevingar rikare.

Eg var å såg Lindesnes fyr att i fjor med mine eigne barn og sjølv om det var nydelig ver denne gongen, vel verdt turen. Mange minner dukka opp, spesielt kor redd vetlebror var i bunkersane. Jentene mine var heller ikkje høge i hatten der det ikkje var lys sjølv om det no er mykje meir belyst enn då eg var liten.

onsdag 7. juli 2010

Montering av fenderlist

I dag har eg vore med å montert fenderlist på ein 22 fots sjark. Til dette nytta me ei 4kw vifte og ei godt isolert kasse. Eigaren hadde på førehand kjøpt inn aluminiumslist som skulle ligge inni fenderlista. Planen var eigentleg å nytta den gamle lista, men den hadde sett sine beste dagar. Når lista var varm nok vart den strekt rundt båten, og hefta med to rustfrie karosseriskruer i skøyten. Deretter skrudde me på aluminiumslista, noko som tok lengre tid enn beregna, sidan den var i breiaste laget og ikkje ville i sporet utan kamp. Etter bøying og tøying fekk me det tilslutt på plass. Pyntelista gjekk nesten for lett på plass i forhold til aluminiumslista, men resultatet vart veldig bra :)

tirsdag 6. juli 2010

Behandling av propell


Mange legg mykje vekt på bunnstoffarbeidet på båten sin som er bra, men gløymer ofte propellen. Det forserer mykje meir vatn forbi den enn skroget, derfor er det viktig at den er glatt. Ein ru og rufsete propell gjer mykje meir motstand og propellen mister mykje av effekten sin. Har sett på eigen båt at turtallet auker med eit par hundre omdreiningar ved polering av propellen.

Viss propellen har store stykker som manglar på framsida av bladet, er dette sikre teikn på implusjon. Dette skjer når propellen ikkje får nok tilgang på vatn i fart. Ofte kjem dette av at propellen står for nærme kjøl eller brakett. Ei løysing kan då vera å lage ei hydronamisk form på kjøl/brakett. Dette har eg god erfaring med på båtar.

Så eit godt råd til deg neste gong du skal bunnstoffe og/eller skifte sinkar, sjekk propellen!

mandag 5. juli 2010

Motorfundament og synfaring

Då var arbeidsdagen over for i dag. Dagen begynte med papirarbeid sidan det var føreståande, men og fordi det regna. Alltid godt å få litt papir ut i sirkulasjon, enten det blir betalt eller skal betalast.

Vêret vart bedre utover dagen og motorfundament er no støypt og står no og herdar.

Båten som eg var å kikka på hadde fått seg ein god trøkk i skrogsida i baugen. Det var brudd i laminatet, og treng ein stor reperasjon. Båten har og eit defekt gir som treng reparerast. Dette skal eg prøve meg på, men gir er ikkje noko eg har jobba mykje med. Saab motor er då kjekke å ringa til. Dei bruker denne type gir mykje, og kan nok gje meg litt rettleiing. Då satser eg på at eg ikkje treng å plukka frå kvarandre heile giret utan å finna feilen. Det vert og spanande å sjå om me klarar å finne rett gelcoatfarge slik at reperasjonen ikkje vert for synleg.

No kallar sofaen på meg, ha ein riktig god kveld!

PS! Tek gjerne i mot spørsmål og/ eller evtuelle tema de kunne tenke dere å lese meir om. Berre legg dei som kommentar til innlegg eller send ein mail, så svarar eg så godt eg kan :)

Hekkaggregat, blues, sol og sommar...














Det har vorte lite tid til blogging dei siste dagane, men no kjem det lyd frå meg. Før helga vart eg ferdig med å montera transferplata, heist oppi motor og fekk grovinnstilt den. Det var ingen enkel jobb, men etter å ha skåre større hol til motoren kom den på plass. No skal eg til med å bygga nye motorfester til gummilabbane. Satser på at det kan vera opphld ei lita stund til, sidan eg arbeider ute med denne båten. Det begrensar seg med plastring i regnvêr :) Eg held i tillegg på med å plastre ei tofte til ein landstedbåt. Den vart levert her i nesten to bitar etter at den har gjennomgått litt røff behandling. Den skal då slipast og forsterkast med rowing fiber.

Fredag var eg ein tur inn på Bluesen i Skånevik. Der var det yrande liv og mange flotte båtar å sjå på. Mange løygne fortøyningar rundt om, men slik vert det når mange vil ligge på samme plass. Oline fekk litt hard medfart sidan me vart liggande i ei rekkje på 14 båtar utanpå kvarandre. Det vart eindal vandring over fordekket, og gammal dame som ho er tåler ho ikkje allslags. Våkna lørdag morgon med ei sprukken rute i vindskjermen på styrbord side. Er nok nokon som ustødig vandra forbi om natta og støtta seg på den. Skal nok få orden på den att før me skal lufta ho igjen.

I går var heile familien ein tur ut i holmane og grilla. Oline var full av ungar og vaksne, i tillegg til ein ekstra båt. Systrene mine som bur på austlandet er heime no og då må me finna på litt kjekke ting med borna. Me grilla pølser på ein holme i nærleiken, og deretter fiska me. Fiskane hadde tatt søndag dei og så ingen fangst på oss, men det brydde ikkje ungane seg om. Dei hadde fått fiska og var nøgde.

No er det ei ny arbeidveke, og mange spennande prosjekt. I dag skal eg ein tur å sjå på ein annan båt som og har vore uheldig på bluesen.
Related Posts with Thumbnails