mandag 28. februar 2011

Siste lag med glassfiber innvendig P40

No er me ferdige med å plastra i motorrommet slik at det no er tid for å justere vinkelen på motorfesta og få heist motoren på plass.



fredag 25. februar 2011

tunnellkasett montering p40


No var endelig verste slipe og kutte jobben over og det var klart for montering av tunnellkasetter. Etter litt tilpassing passe dei fint i opninga. Dei måtte beskjerast kraftig for å passa. Først festa med dei lett med skruer og plastklips også blei det plastra eitt lag glasfiber. Då det var herda vart det fem lag med glasfiber. No gjenstår det å få rett fasong på undersida og få plastra ferdig  innvendig.
Tunnellkasett har me utvikla sjølv og det står meir om den i dette innlegget



lørdag 19. februar 2011

Ein støvande jobb.. P40

No har det vore ei veke med kutting, skjæring og demontering av akslingar med brakettar, hylser  og propellar. Dette var tunge saker å få laus, det var faktisk skikkelig støypt etter forskriftene, som gjorde jobben meget vanskelig. Eg brente faktisk opp to vinkelkuttarar under arbeid og x-antall blad gjekk i oppløysing. Eg har heldigvis hatt med meg ein medhjelpar slik at det gjekk litt greiare. Men alikevel har me brukt ei veke på noko som vanligvis kunne tatt ein dag. Min unge medhjelpar er faktisk 71 år, eg håper eg er så sprek når eg kjem i den alderen!




fredag 11. februar 2011

Då var motorane ute... P40

Det var ganske mykje arbeid med å få ut motorane frå båten. Først var det å laga hol dei skulle ut av, som sagt tidligare er motorromsluka støypt og bolta att, men som ikkje det var nok var den isolert med brann/lydisolasjon og brannhemmande folie. Det vart ein real drittjobb å få opna luka bokstavleg talt. Tenkte at det ville vera lettare å få motorane ut, men den gong ei. Akslingflensane satt vanvittig fast og det heile enda med at eg måtte kutta eine akslingen. Dette gjer ingenting sidan akslingane skal kortast inn ca. 30 cm fordi båten har fått montert akslingane alt for bratt og det resulterte i at båten kvelva over til sida då den passerte 19 knop. For ein Patrol som kan gå opp i 35 knop, er dette tragisk og på tide å få ordna opp i!








Håper at dei ansvarlege for denne tabben vil stå til ansvar og innrømme at det ikkje er skrogkonstruksjonen, men monteringa som er problemet.

onsdag 2. februar 2011

Motor og girarbeid KlosterPatrol P40

I morgo byrjer eg på jobben med å heisa motorane utav den båten som har stått i naustet ei stund. Då må eg skjera opp motorromsluka i og med at den er plastra att. Det er standard på skyssbåt sidan det er inngang til motor i aktervegg på styrhuset. Det vert spennande å testa den nye løpekatten og løftebjelken...
Related Posts with Thumbnails