fredag 19. november 2010

Borte bra, men heime best...

Tilbake att frå messa og sit att med mykje nye intrykk, opplevingar og mange nye bekjentskap innan bransjen. Sjekk for eksempel dette:

Stor takk til Defa for ein fantastisk oppvartning :)

søndag 14. november 2010

METS messe i Amsterdam

I morgo går ferda til Amsterdam og METS. Lenge sidan eg har prioritert å reise på messe, no var tida endelig her. Håper på å sjå mykje nytt og spennande både til Patrolane og Mathilde. Dette er ei rein båtutstyrsmesse med leverandørar frå heile verda.

Ha ei fin veke!

torsdag 11. november 2010

P40





No er endelig P40 på land. Det gjekk fint å få den på slippen og inn døropninga, slapp til og med å demontera antennene. Sidan båten veg godt over 10 tonn, veit eg og at Klosterfjord F40 vil gå fint på slippen.

 No startar eg arbeidet på denne båten. Eg startar med å flytta motorinstrumenteringa sidan dener plassert heilt idiotisk i ein kvar båtbrukars auger :) Deretter skal eg prøve å forbetre skipselektrikaren sin plassering av bryterpanelet. Sidan ein under bruk av båten kjem borti brytarane ufrivillig med knea???!!

Alle som har vore ombord i ein patrol har nok sett at me plasserer brytarane i taket på styrbord side. Der har me og eit handtak som føraren kan halda seg i når han betjener brytarane.

Ha ein fin dag !

tirsdag 2. november 2010

oppdatering ...

Slippinga av 40 fotaren var veldig vellykka. Så no er det berre små justeringar som må gjerast når den dobbelt så tunge 40 fotaren skal på land. Veret er ikkje heilt på lag med meg. Med den vinden så vert det ei utfordring å slippa, så er litt "verfast". Gårsdagen var rimelig hektisk her for då kom det gravemaskin, rørleggar levering av fliser og elektrikar. Kjempekjekt med handverkarar som kjem kjapt og gjere godt arbeid.

Mens eg venter på betre ver, monterer eg pullertar i 40 fotaren eg har på land. så vert den betre å fortøya.

Ha ein flott dag og hald dere fast så de ikkje bles vekk :)
Related Posts with Thumbnails