søndag 30. januar 2011

stillstand...

Ja her har det vore stille ei stund, men det har sin naturlege grunn. Moderlandet ville ha meg i tjeneste ;) så no har eg vore 10 dagar i Vatneleiren på lagleiarkurs i saman med fleire kjekke karar... Det har derfor vore ein lite pause frå båt, men no er det "back in business".

mandag 17. januar 2011

ferdigstilling av lasterom

Etter at topcoaten var herda var det tid for å skjera ut luker i dørk og benker. Deretter skrudde eg fast beskyttelse lister i dørken. Neste punkt var å montere trappetrinn for å komme seg ut av lasterom uten å gå igjennom båten. Tilslutt vart det festa 8mm festebøyler på benkene og dørken 12 mm øyeboltar.








søndag 9. januar 2011

plastring og toppcoating av lasterom

Jepp, då var det tid for plastring og toppcoating av lasterommet. Plastringa  måtte gjerast i to omgangar i og med at eg måtte stå der nede. Derfor tok eg golvet først og når det var herda tok eg benkene. Når alt var herda gjekk eg lett over med pussepapir og mala godt med toppcoat på.

torsdag 6. januar 2011

Lasterom P40 fremdeles :)

Nå nærmer det seg plastring nede i lasterommet. Eigaren har eit ønske om at det i lasterommet skal vera benker med luker for oppbevaring. No har eg då snekra opp ein dørk og benker i finer. Då snur eg alltid plastikksida ned og inn mot skutesida. Så når eg no er ferdig med det skal det heile støypast inn. Tok bilete etter eg var ferdig å slipe rundt på skuteside og skott for å få godt feste, så derfor ser det ut som det snøar. Det er støv :-)


tirsdag 4. januar 2011

Lasterom P40

I dag har eg lagt eit lag glassfiber på finerplatene som eg prima i går. Etterpå rydda eg ut plater og anna som låg i lasterommet på P40 . I tillegg var det eit gir der som måtte utav. Eg jobber som oftast aleine og i dag var ikkje noko untak, så giret måtte eg få utav aleine. Det gjekk greit ved at eg hengte opp nokre tau og taljer og fekk då heisa det opp.

Riktig godt nyttår !

Vil ønske dere alle eit riktig godt nyttår!

Her merkast det at våren ikkje er langt vekke. Har allereie arbeid for fleire månader liggande. Dette er veldig kjekt og forhåpentligvis fotsetter det å koma oppdrag vidare og.

Akkurat no held eg på med å gjera klar matrial til å laga dørk og benkar i KlosterPatrol P40. Klargjeringa vil sei å prime og bore små hol i platene før eg laminerer glasfiber på dei.

Related Posts with Thumbnails