torsdag 24. juni 2010

Tunnellkasett


Tunnellkasetten er eit produkt me har jobba fram gjennom ei årrekke. Dei første tunnellane var ganske primitive, og vart bygd ein og ein til dei ulike båtane. Dei fyrste utgåvene våre hadde fartsbegrensingar, men etter mange utbetringar kom me fram til eit godt resultat (meiner me sjølv då). I 2005 blei eg og far min Magnar Reigstad einige om å bygga ei tunnellform der me kunne montera motor med aksling og brakett, komplett styring og ror. For dei som ynskjer det set me og på hekktrustar.


Målet med tunnellkassetten er å gje båten ein lågare planingsterskel. Den hindrar og båten i og overplana, og vil gje betre drivstoff økonomi. Det vil sei at båten vert meir lettdreven og reservedeler er også lagervare på dei fleste båtutstyrsbutikkar. Styrken i konstruksjon kontra hekkaggregat er stor og den er lett å montera på dei fleste båtar. Strak aksel gjer at ein slepp dei stadige servicane som og gjer tunnelkassetten økonomivennleg.


Det fyrste støypet sette me i ein skyssbåt der resultatet vart imponerande. Eigaren av skyssbåten var så nøgd med resultatet på sin Halco 31 at han bestilte ein Klosterpatrol 32 med tunnellkassett. Dette var då ei enda betre utgåve enn den fyrste. Små justeringar og forbetringar arbeider me med heile tida, og me er alltid på søken etter meir fart samtidig som betre driftsøkonomi. Det høyrer med til dette prosjektet at tre ingeniørar var så overvelda av Halcoen si yting etter at tunellkassett var sett i, at dei leigde mobilkran for å få kikka under båten.


Klosterpatrol 32 vart levert i påsken 2010 og har fram til no gått 200 timar som taxibåt. Denne båten går 32 knop uten passasjerar, og med 18 passasjerar med bagasje (motorsager ol. utstyr) 30 knop.


Så er du på jakt etter å få utnytte båten din sitt fartspotensiale på ein kostnadseffektiv måte er dette ei løysing me kan tilby.
Avisartikkel frå den fyrste tunnellkassetten finn du her.
Bilder og skisser av tunnellkassett.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts with Thumbnails