fredag 25. juni 2010

Oline





I dag har eg gjort min eigen båt klar for sommaren. Ho har lagt på sjøen i nokre veker no og venta på at eg skulle få tid til ho. No hasta det litt, sidan me skal ta turen til Stord på Stordfest i morgo og kikka på alle dei andre flotte båtane.
Oline er ein gammal plattgatter frå 1911 som eg restaurerte for ca. 20 år sidan. Eg har gjort små endringar og fornyingar undervegs, men stort sett er ho lik slik eg restaurerte ho. Vårpussen i år bestod av eitt lag med lakk på dekk, litt flikking på bunnstoffet og polering av propell. Polering er viktig for at motoren skal få rett turtall. Mange trur at å ha ein trebåt er mykje arbeid, men ein plastbåt treng puss og polering den og. Så dei store forskjellane er det ikkje i mine auger.

Men så er klassiske trebåtar ein av mine store lidenskapar. Flotte linjer, edeltre og lukt av svensk tretjære høyrer med til fritida mi. Oline har eg hatt i mange år, men no har me blitt såpass mange i familien att behovet for ein større båt har meldt seg. Derfor kjøpte eg for 2 år sidan eitt skrog som eg restaurerer tilbake til verdighet att. Sjå den andre bloggen min: salongbåtdrømmen



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts with Thumbnails