tirsdag 4. januar 2011

Lasterom P40

I dag har eg lagt eit lag glassfiber på finerplatene som eg prima i går. Etterpå rydda eg ut plater og anna som låg i lasterommet på P40 . I tillegg var det eit gir der som måtte utav. Eg jobber som oftast aleine og i dag var ikkje noko untak, så giret måtte eg få utav aleine. Det gjekk greit ved at eg hengte opp nokre tau og taljer og fekk då heisa det opp.

Riktig godt nyttår !

Vil ønske dere alle eit riktig godt nyttår!

Her merkast det at våren ikkje er langt vekke. Har allereie arbeid for fleire månader liggande. Dette er veldig kjekt og forhåpentligvis fotsetter det å koma oppdrag vidare og.

Akkurat no held eg på med å gjera klar matrial til å laga dørk og benkar i KlosterPatrol P40. Klargjeringa vil sei å prime og bore små hol i platene før eg laminerer glasfiber på dei.

lørdag 4. desember 2010

Instrumentering i båt...

Instrumentering i båt er like viktig som i andre kjøretøy. Ta feks bil viss du hadde bytta om på instrumenta på dashbordet, kanskje plassert det heilt andre plassar i bilen enn rett foran sjåføren, så vil du få problem. I båt er det mange instrument og skjermar og alt kan ikkje få plass rett framfor føraren. Ein må derfor tenka  litt logisk og kategorisera dei i primær og sekundær instrument etter kor mykje dei er i bruk og kor viktige dei er. Feks så setter ein ikkje ein dimmar til lyset rett foran nasa der motorinstrumentering skulle ha vore...

Den båten eg skulle til med i tidligare innlegg har så vanvittig galen plassering av instrumenta at ein skulle tru ein har kasta dei på plass. Sjå sjølv på bileta...



siste bilde viser rorindikator plasser over babord utgangsdør:)?

fredag 19. november 2010

Borte bra, men heime best...

Tilbake att frå messa og sit att med mykje nye intrykk, opplevingar og mange nye bekjentskap innan bransjen. Sjekk for eksempel dette:

Stor takk til Defa for ein fantastisk oppvartning :)

søndag 14. november 2010

METS messe i Amsterdam

I morgo går ferda til Amsterdam og METS. Lenge sidan eg har prioritert å reise på messe, no var tida endelig her. Håper på å sjå mykje nytt og spennande både til Patrolane og Mathilde. Dette er ei rein båtutstyrsmesse med leverandørar frå heile verda.

Ha ei fin veke!

torsdag 11. november 2010

P40





No er endelig P40 på land. Det gjekk fint å få den på slippen og inn døropninga, slapp til og med å demontera antennene. Sidan båten veg godt over 10 tonn, veit eg og at Klosterfjord F40 vil gå fint på slippen.

 No startar eg arbeidet på denne båten. Eg startar med å flytta motorinstrumenteringa sidan dener plassert heilt idiotisk i ein kvar båtbrukars auger :) Deretter skal eg prøve å forbetre skipselektrikaren sin plassering av bryterpanelet. Sidan ein under bruk av båten kjem borti brytarane ufrivillig med knea???!!

Alle som har vore ombord i ein patrol har nok sett at me plasserer brytarane i taket på styrbord side. Der har me og eit handtak som føraren kan halda seg i når han betjener brytarane.

Ha ein fin dag !

tirsdag 2. november 2010

oppdatering ...

Slippinga av 40 fotaren var veldig vellykka. Så no er det berre små justeringar som må gjerast når den dobbelt så tunge 40 fotaren skal på land. Veret er ikkje heilt på lag med meg. Med den vinden så vert det ei utfordring å slippa, så er litt "verfast". Gårsdagen var rimelig hektisk her for då kom det gravemaskin, rørleggar levering av fliser og elektrikar. Kjempekjekt med handverkarar som kjem kjapt og gjere godt arbeid.

Mens eg venter på betre ver, monterer eg pullertar i 40 fotaren eg har på land. så vert den betre å fortøya.

Ha ein flott dag og hald dere fast så de ikkje bles vekk :)
Related Posts with Thumbnails