lørdag 19. februar 2011

Ein støvande jobb.. P40

No har det vore ei veke med kutting, skjæring og demontering av akslingar med brakettar, hylser  og propellar. Dette var tunge saker å få laus, det var faktisk skikkelig støypt etter forskriftene, som gjorde jobben meget vanskelig. Eg brente faktisk opp to vinkelkuttarar under arbeid og x-antall blad gjekk i oppløysing. Eg har heldigvis hatt med meg ein medhjelpar slik at det gjekk litt greiare. Men alikevel har me brukt ei veke på noko som vanligvis kunne tatt ein dag. Min unge medhjelpar er faktisk 71 år, eg håper eg er så sprek når eg kjem i den alderen!




fredag 11. februar 2011

Då var motorane ute... P40

Det var ganske mykje arbeid med å få ut motorane frå båten. Først var det å laga hol dei skulle ut av, som sagt tidligare er motorromsluka støypt og bolta att, men som ikkje det var nok var den isolert med brann/lydisolasjon og brannhemmande folie. Det vart ein real drittjobb å få opna luka bokstavleg talt. Tenkte at det ville vera lettare å få motorane ut, men den gong ei. Akslingflensane satt vanvittig fast og det heile enda med at eg måtte kutta eine akslingen. Dette gjer ingenting sidan akslingane skal kortast inn ca. 30 cm fordi båten har fått montert akslingane alt for bratt og det resulterte i at båten kvelva over til sida då den passerte 19 knop. For ein Patrol som kan gå opp i 35 knop, er dette tragisk og på tide å få ordna opp i!








Håper at dei ansvarlege for denne tabben vil stå til ansvar og innrømme at det ikkje er skrogkonstruksjonen, men monteringa som er problemet.

onsdag 2. februar 2011

Motor og girarbeid KlosterPatrol P40

I morgo byrjer eg på jobben med å heisa motorane utav den båten som har stått i naustet ei stund. Då må eg skjera opp motorromsluka i og med at den er plastra att. Det er standard på skyssbåt sidan det er inngang til motor i aktervegg på styrhuset. Det vert spennande å testa den nye løpekatten og løftebjelken...

søndag 30. januar 2011

stillstand...

Ja her har det vore stille ei stund, men det har sin naturlege grunn. Moderlandet ville ha meg i tjeneste ;) så no har eg vore 10 dagar i Vatneleiren på lagleiarkurs i saman med fleire kjekke karar... Det har derfor vore ein lite pause frå båt, men no er det "back in business".

mandag 17. januar 2011

ferdigstilling av lasterom

Etter at topcoaten var herda var det tid for å skjera ut luker i dørk og benker. Deretter skrudde eg fast beskyttelse lister i dørken. Neste punkt var å montere trappetrinn for å komme seg ut av lasterom uten å gå igjennom båten. Tilslutt vart det festa 8mm festebøyler på benkene og dørken 12 mm øyeboltar.








søndag 9. januar 2011

plastring og toppcoating av lasterom

Jepp, då var det tid for plastring og toppcoating av lasterommet. Plastringa  måtte gjerast i to omgangar i og med at eg måtte stå der nede. Derfor tok eg golvet først og når det var herda tok eg benkene. Når alt var herda gjekk eg lett over med pussepapir og mala godt med toppcoat på.

torsdag 6. januar 2011

Lasterom P40 fremdeles :)

Nå nærmer det seg plastring nede i lasterommet. Eigaren har eit ønske om at det i lasterommet skal vera benker med luker for oppbevaring. No har eg då snekra opp ein dørk og benker i finer. Då snur eg alltid plastikksida ned og inn mot skutesida. Så når eg no er ferdig med det skal det heile støypast inn. Tok bilete etter eg var ferdig å slipe rundt på skuteside og skott for å få godt feste, så derfor ser det ut som det snøar. Det er støv :-)


Related Posts with Thumbnails