onsdag 25. april 2012
Patrol 36 i hus..
søndag 18. mars 2012
Eplet dett ikkje langt frå stamma...
Tenkjer nok dei som kjenner både meg og far min. Og for dei som er intressert så har Vi menn vore på besøk i naust og garasje og skrive ein artikkel om oss. Den er på trykk i Vi menn Båt denne veka. (veke 12) Her ligg det lenke til artikkelen.Der får de sjå mykje av det eg syslar med på fritida. Det går i båt både på jobb og i fritida. Salongbåten eg byggjer har eigen blogg: Mathilde
mandag 5. mars 2012
Sprekker/krakelering i gelcoat
Denne båten har fått sprekker/krakelering i gelcoat etter eit samanstøyt. Her held eg på med å pussa ned gelcoaten slik at eg kan sparkle opp tjukkelse att før lakkering.
Robåt med kjølskade
Denne robåten kan det sjå ut som nokon har teke to jafs av. Litt plastring, sparkling og pussing så vert den som ny att :)
Steyr servicekurs

onsdag 22. februar 2012
Ny Prototype..
Det andre prosjektet eg hjelper til med er å utvide P32 til ein 36. Bileta syner utviding av overbygget.. De ser og inndeling av skott oppi skroget og overbygg på plass... Puslespel for store gutar :)
Snikk kikk på Kystverket sin Patrol
For tida pendlar eg mellom Arendal og heim for å hjelpa pappen litt. Han held på med to prosjekt i Arendal. Det eine er Kystverket sin Patrol som nærmar seg levering. Den monterer me bl.a. tunnellkassett i.
Abonner på:
Innlegg (Atom)