søndag 22. juli 2012

Svakt bygd akterspegel på skjærgårdsjeep

Ein kunde kom med eit lite sår under ein båt, han lurte på om det lot seg reparere. Det kunne det og kunden kom med båten til meg. Han hadde eit tilleggsspørsmål då han overleverte båten, han hadde oppdaga sprekker i gelcoaten på akterspegelen. Etter litt bøying og bending på påhengsen kunne det sjå ut som spegelen var delaminert eller sprukken. Me vart einige om å ta denne skaden med samstundes.




Då eg hadde fjerna påhengsen viste det seg at akterspegelen hadde ein stor sprekk. Største delenen av denne jobben vart å forsterke akterspegelen, arbeidet med det vesle såret vart lite i forhold.





Dårleg vedlikehald

For dei som lurer på kva som kan skje om ein ikkje tek vårpuss på båten under vatnlinja. Slik vil det sjå ut etter nokre år:




Det resulterte i 28 10 liter bøtter med blåskjell og anna groe. Det vil sei ca. 250 kg med blåskjell som måtte skrapast av. Eg laga meg ei sparkelskei av tre for å ikkje skade bunnstoff/gelcoat då det skulle fjernast. Det var effektivt å bruke den og det vidare arbeidet viste seg å vera omfattande. Det innebarr både ei roterande stålbørste og vanleg handstålbørste. Då båten var reingjort måtte den primast med to-komponent epoxyprimer før bunnstoff.




Heldigvis hadde det ikkje stått landstrøm på båten, så sinkanodane hadde holdt og drevet var inntakt. Trimflapsen derimot var tom for sink og hadde store tæringsskadar. Alle belgane og pakningane vart skifta på drev i tillegg til drevolje, til dette arbeidet har eg ein dyktig kompanjong; Ketil Isdal, han fiksar denne jobben lett. Då kunne båten fint sjøsettast att, med håp om betre stell.

onsdag 25. april 2012

Patrol 36 i hus..



Her er det nye prosjektet som eg var til Arendal og jobba på. No er det endeleg komt i hus hjå meg. Her er det full jobbing slik at den blir klar til å køyrast til Tromsø og båt vidare til Svalbard :)

søndag 18. mars 2012

Eplet dett ikkje langt frå stamma...

Tenkjer nok dei som kjenner både meg og far min. Og for dei som er intressert så har Vi menn vore på besøk i naust og garasje og skrive ein artikkel om oss. Den er på trykk i Vi menn Båt denne veka. (veke 12) Her ligg det lenke til artikkelen.Der får de sjå mykje av det eg syslar med på fritida. Det går i båt både på jobb og i fritida. Salongbåten eg byggjer har eigen blogg: Mathilde

mandag 5. mars 2012

Sprekker/krakelering i gelcoat

Denne båten har fått sprekker/krakelering i gelcoat etter eit samanstøyt. Her held eg på med å pussa ned gelcoaten slik at eg kan sparkle opp tjukkelse att før lakkering.



Robåt med kjølskade

Denne robåten kan det sjå ut som nokon har teke to jafs av. Litt plastring, sparkling og pussing så vert den som ny att :)


Steyr servicekurs

I veka som var tok eg Steyr sitt servicekurs på UNIVA i Arendal. Dei sel båtutstyr frå Vetus og er forhandlarar for Steyr og Bukh motorar. Det var eit godt kurs med mykje praksis og lite teori, som passa meg perfekt. Eg fekk skru alt eg orka, og dette var spesielt kjekt. Då tenkte eg mykje på den Steyr motoren som er på plass i båten eg held på og byggje til meg sjølv, sjå Salongbåtdrømmen.  Så no er eg certifisert til å å gjera service på Steyr motorar. Det er absolutt sesong for å stella med motor før båten din skal på sjø. Så ta kontakt medan eg framleis har tid.


Related Posts with Thumbnails