Her har me ein båt som mangler litt....:-) men eg skal nok klare og få den fin att.
mandag 5. september 2011
søndag 28. august 2011
Klosterpatrol P40 - forbetringar
Då har kunden fått att båten sin og endringane viser seg å vera veldig bra. Gjennom loggføring har det vist seg at båten bruker 25% mindre drivstoff på strekninga frå oss til Nord-Noreg ved samme turtal. Samstundes brukte båten 2 timar mindre på same strekka. Desse forbetringane vil gje store utslag for eigaren og hans arbeid med skyssbåt.
tirsdag 21. juni 2011
onsdag 15. juni 2011
Gratulerer!
Som mange har fått med seg har pappen fått ei stor anerkjennning ved at Kystverket har vald hans båt: Kloster Patrol P32. Dette er kjempespennande og me gleder oss stort. Gratulerer så mykje!
Du kan lesa meir om det i Sunnhordland og Båtliv.
Og med salg til pappen drypper det jobb på meg. To tunnellkassettar skal monterast i Arendal til hausten.
Du kan lesa meir om det i Sunnhordland og Båtliv.
Og med salg til pappen drypper det jobb på meg. To tunnellkassettar skal monterast i Arendal til hausten.
torsdag 2. juni 2011
P40 Florø Båtmesse 2011
Det er blitt bestemt at P40 skal opp på Båtmessa i Florø- der kan de møta både konstruktør Magnar Reigstad, selgar Øystein Lending og eigar (av akkurat denne båten). Dette er ein spesialbestilt utgåve av P40, som er bygd som skyssbåt og lastebåt. Derfor er det ein krane på fordekk.
Elan 37 seglbåt
Når båten ko her til viste det berre ei sprekk på ein bunnstokk og skaden virka ikkje så stor. Då den låg til kai her reagerte eg på mengden av vatn som båten tok inn. Det var ikkje store mengder, men meir enn normalt. Då den var komen på land så var det ingen synlige skader, men i dialog med takstmann blei me enige om å ta av kjølen for å konstantera kor vatnet kunne koma i frå. Dette var ein mykje større jobb enn eg forventa. Krybba til seglbåten er laga slik at båten kviler på kjølen. Eg måtte bygga ein jigg eg kunne løfta båten med. Samtidig som eg stabililiserte kjølen til nedsenkinga. Den vog 2,3 tonn så støttene måtte vera sterke.Det viste seg då eg løfta båten opp og kjølen hang laust at den kunne least på fram og tilbake 5-6 cm uten at båten lea på seg.
Då kjølen endelig kom av fossa det vatn ut mellom laminata, båten hadde altså delaminert rundt kjølen i grunnstøttinga og ved bruk etterpå. Dette kunne vore riktig så farlig å segla med. Det momentet ein kjøl får under segling er ubeskrivelig stort og i verste fall kunne den ha knekt av. Ein selgbåt uten kjøl snur seg opp ned på sekunder.Legger ved nokre filmsnuttar av løysinga av kjølen og vatnet som kom ut..
Film 1
Film 2
Film 3
P40 - nærmar seg no
No er det ei stund sidan eg har lagt ut noko nytt her ifrå. Travle tider om våren som alltid og det er knallkjekt!
P40 som har stått i naustet og vore omtalt her i lang tid, er no veldig nærme målet. Der er propellakslingar og ror montert, endringar er gjort i styrhuset og den har fått handtak/rekkvert på kvar side av taket.
Me oppdaga då me demonterte den gamle syiringa kvifor den var tung å styra. Ein båt i den storleiken skal ha minimum 12 mm diameter på hydrolikkslangane innvendig. Denne båten hadde utrulig nok berre 4 mm diameter på slangane. Det er som å styra ein båt på 14 tonn med sugerøyr!!
P40 som har stått i naustet og vore omtalt her i lang tid, er no veldig nærme målet. Der er propellakslingar og ror montert, endringar er gjort i styrhuset og den har fått handtak/rekkvert på kvar side av taket.
Me oppdaga då me demonterte den gamle syiringa kvifor den var tung å styra. Ein båt i den storleiken skal ha minimum 12 mm diameter på hydrolikkslangane innvendig. Denne båten hadde utrulig nok berre 4 mm diameter på slangane. Det er som å styra ein båt på 14 tonn med sugerøyr!!
fredag 22. april 2011
P 40 oppdatering
No er det snart tid for å montera akslingar i båten. Det skal bli kjekt å prøvekøyra den og sjå kva me no har fått til. Me skal og bygga om frå ein til to ror for å betra svingeigenskapane.
mandag 4. april 2011
Plastpest..

Slik ser det ut når plastpesten har begynt.....Litt vanskelig å sjå, men sei små boblene i bunnstoffet er det eg meiner- Kva skal ein gjera når ein oppdagar dette? Les meir i dette innlegget om plastpest
tirsdag 22. mars 2011
torsdag 17. mars 2011
fredag 11. mars 2011
mandag 28. februar 2011
Siste lag med glassfiber innvendig P40
No er me ferdige med å plastra i motorrommet slik at det no er tid for å justere vinkelen på motorfesta og få heist motoren på plass.
fredag 25. februar 2011
tunnellkasett montering p40
No var endelig verste slipe og kutte jobben over og det var klart for montering av tunnellkasetter. Etter litt tilpassing passe dei fint i opninga. Dei måtte beskjerast kraftig for å passa. Først festa med dei lett med skruer og plastklips også blei det plastra eitt lag glasfiber. Då det var herda vart det fem lag med glasfiber. No gjenstår det å få rett fasong på undersida og få plastra ferdig innvendig.
Tunnellkasett har me utvikla sjølv og det står meir om den i dette innlegget
lørdag 19. februar 2011
Ein støvande jobb.. P40
No har det vore ei veke med kutting, skjæring og demontering av akslingar med brakettar, hylser og propellar. Dette var tunge saker å få laus, det var faktisk skikkelig støypt etter forskriftene, som gjorde jobben meget vanskelig. Eg brente faktisk opp to vinkelkuttarar under arbeid og x-antall blad gjekk i oppløysing. Eg har heldigvis hatt med meg ein medhjelpar slik at det gjekk litt greiare. Men alikevel har me brukt ei veke på noko som vanligvis kunne tatt ein dag. Min unge medhjelpar er faktisk 71 år, eg håper eg er så sprek når eg kjem i den alderen!
fredag 11. februar 2011
Då var motorane ute... P40
Det var ganske mykje arbeid med å få ut motorane frå båten. Først var det å laga hol dei skulle ut av, som sagt tidligare er motorromsluka støypt og bolta att, men som ikkje det var nok var den isolert med brann/lydisolasjon og brannhemmande folie. Det vart ein real drittjobb å få opna luka bokstavleg talt. Tenkte at det ville vera lettare å få motorane ut, men den gong ei. Akslingflensane satt vanvittig fast og det heile enda med at eg måtte kutta eine akslingen. Dette gjer ingenting sidan akslingane skal kortast inn ca. 30 cm fordi båten har fått montert akslingane alt for bratt og det resulterte i at båten kvelva over til sida då den passerte 19 knop. For ein Patrol som kan gå opp i 35 knop, er dette tragisk og på tide å få ordna opp i!
Håper at dei ansvarlege for denne tabben vil stå til ansvar og innrømme at det ikkje er skrogkonstruksjonen, men monteringa som er problemet.
Håper at dei ansvarlege for denne tabben vil stå til ansvar og innrømme at det ikkje er skrogkonstruksjonen, men monteringa som er problemet.
onsdag 2. februar 2011
Motor og girarbeid KlosterPatrol P40
I morgo byrjer eg på jobben med å heisa motorane utav den båten som har stått i naustet ei stund. Då må eg skjera opp motorromsluka i og med at den er plastra att. Det er standard på skyssbåt sidan det er inngang til motor i aktervegg på styrhuset. Det vert spennande å testa den nye løpekatten og løftebjelken...
søndag 30. januar 2011
stillstand...
Ja her har det vore stille ei stund, men det har sin naturlege grunn. Moderlandet ville ha meg i tjeneste ;) så no har eg vore 10 dagar i Vatneleiren på lagleiarkurs i saman med fleire kjekke karar... Det har derfor vore ein lite pause frå båt, men no er det "back in business".
mandag 17. januar 2011
ferdigstilling av lasterom
Etter at topcoaten var herda var det tid for å skjera ut luker i dørk og benker. Deretter skrudde eg fast beskyttelse lister i dørken. Neste punkt var å montere trappetrinn for å komme seg ut av lasterom uten å gå igjennom båten. Tilslutt vart det festa 8mm festebøyler på benkene og dørken 12 mm øyeboltar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)