søndag 15. januar 2012

Gammal Askeladd vert som ny...

Eg vert litt undrande innimellom når eg reparerer nye og gamle båtar. Ein skulle tru at dei nyaste båtane er dei beste, men dette får eg motbevist mang ei gong både med byggeteknikk og materialvalg. Ein kunde kom med ein Askeladd som hadde vore i familien siden den var ny. Beige skrog og oransje overbygg gjorde at båten lyste utdatert og lite interessant ut. Designet på båten i seg sjølv er ein grei båt som er synd å kasta. Så eigaren hadde ynskje om ein "facelift". Skroget og overbygget vart matta ned og lakka 2 strøk med to-komponent båtlakk. Fenderlist, styring og manøvrering vart skifta ut og ein ny 40 hK Yamaha kom på plass. Båten vart som ny :)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts with Thumbnails